Eg sit på ei kvelvd krybbe

(Dikt, 2005)

Eg sit på ei kvelvd krybbe
og held sauen kring halsen
Saksa pløyer ulla til sides
Ho fell i mjuke remser
mot steingolvet
Når far sløkkjer maskina
dansar regnet på bølgjeblekket

 

______________________________________________________________________

Frå Hilde Myklebust: Berre dagar seinare. Samlaget 2005. Side 12.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2005.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
______________________________________________________________________