Ein vinterkveld

(Dikt, 2018)

Ein vinterkveld står du til livet i snø
peikar med den vesle fingeren din
opp på den veldige stjernehimmelen
og seier: måne
Så heilt uvitande om planetar
galaksar asteroidar magnetosfærar
at du sjølv står midt i verda
og held alt dette
i hop for meg


_____________________________________________________________________

Frå Hilde Myklebust: Kvar ein fugl. Samlaget 2018. Side 38.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
______________________________________________________________________