Epla svell

(Dikt, 2018)

Epla svell fram på greinene
Eg plukkar dei som ein tjuv
Smetter dei inn under trøya
Det glatte skalet kjøler den varme huda
Fuglar lettar når frukta fell
og hesten kjem luntande
Den mjuke mulen
knitrar i det tørre lauvet


_____________________________________________________________________

Frå Hilde Myklebust: Kvar ein fugl. Samlaget 2018. Side 10.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_______________________________________________________________________