Hengebjørk

(Barnedikt, 2015)

Eg heng
etter ei hand
frå ei grein
Kjenner vinden
bølgje i trekrona
Eg er ein kongle
eller ein knopp

Mor ropar frå trappa:
No kjem du deg ned!
Men ho veit då vel like godt som meg
at dette er ei hengebjørk

 

______________________________________________________________________ 

Frå Hilde Myklebust: Bjørkebokstavar. Samlaget 2015. Side 22.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
______________________________________________________________________