Jarstauren er tung og kald

(Dikt, 2018)

Jarstauren er tung og kald
Vi lyftar og lét han falle
Svart og glatt av tid og tak
søkk han ned i grunnen
Kyler seg gjennom
mold stein bein
Opnar ein fattig veg
mellom oss levande
og dei som er gådde i jorda

Den vesle neven din skyt ned
og plukkar opp ein feit makk
Han trekkjer seg saman i handflata di
Du lukkar handa varsamt over og ler
når dei små håra kiler mot hudrillene
Eg legg hendene kring dine
du mitt vesle menneske
som lekkjer meg til framtida
i eit kjørr som strekkjer seg
attover i uminneleg tid

Vi legg ei potet i holet og dekkjer til
Du reiser deg og står der
som veks du rett opp frå åkeren
Marken fell frå handa di
trengjer seg buktande ned i mørket

 

_____________________________________________________________________

Frå Hilde Myklebust: Kvar ein fugl. Samlaget 2018. Side 46.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
______________________________________________________________________