Kolsvart sette trasta seg

(Dikt, 2018)

Kolsvart sette trasta seg
i toppen av bjørka
Eg stogga på veg over tunet
og vart ståande og lyde i regnet

Skodda kom sigande
og la seg over markene
Langsamt henta ho sauene inn
og sleppte dei ut att etter tur
før ho tjukna til
og drakk all lyd frå verda

Berre trasta song med djupgul nebb
og kalla namnet hans attende

 

_____________________________________________________________________

Frå Hilde Myklebust: Kvar ein fugl. Samlaget 2018. Side 29.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
______________________________________________________________________