Kven er det som drøymer meg

(Dikt, 2005)

Kven er det som drøymer meg
så tydeleg
at skuggar fell gjennom natta
og inn i mi røynd

Kven er det som drøymer meg
ut av den rolege svevnen
Vekkjer meg opp til ein ukjend lengt

Kvar er du som drøymer meg
bort frå det som var mitt eige
ut av alt det som var meg

 

______________________________________________________________________

Frå Hilde Myklebust: Berre dagar seinare. Samlaget 2005. Side 27.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_______________________________________________________________________