Overrasking

(Barnedikt, 2015)

Vi har funne ut
seier mor
Du skal få
seier far
Ein hund
seier mor
Så held du deg på bakken
seier far

Men eg sprett og bykser
Opp og ned
Ned og opp
Føtene rører mest ikkje bakken
heile dagen

______________________________________________________________________ 

Frå Hilde Myklebust: Bjørkebokstavar. Samlaget 2015. Side 46.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
_______________________________________________________________________