denne augeformørkinga

(Dikt, 2012)

denne augeformørkinga
som stundom kom glidande over deg

lyset ditt forsvann
eg veit ikkje

kva som kasta skuggen sin
mot auge ditt
men eg trur

du var lys og du var mørke
og du lyste i mørkret
som du var i meg

___________________________________________________________________________

Frå Hilde Myklebust og Katinka My Jones: Du skal dele namn med ein sjeldan fugl. Samlaget 2012. Side 17.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
____________________________________________________________________________