hud

(Dikt, 2008)

Det ligg ei hud utanpå hjartet
Det er ho som held det i hop
Ho er det siste som rotnar i kistene våre
Denne tynne kviskringa heilt til slutt

 

______________________________________________________________________

Frå Hilde Myklebust: Søkk. Samlaget 2008. Side 45.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
______________________________________________________________________