mold

(Dikt, 2008)

Gryande morgon
Eg vaknar og kjenner meg skjerpa
I ei glipe mellom gardinene fell lyset
tynt inn i rommet og legg seg på panna mi

Det er like etter regnfallet
Molda tør og sukkar
av vellyst og fukt der ute
Eg dreg gardinene til sides
Regnet slår ein boge mellom fjella

Denne spede morgonen
i det elingane trekkjer seg
bort langsmed fjella
kjenner eg heilt tydeleg
ein stram eim av frukt
som rotnar ein stad i huset

Tid har kome og gått
utan at eg har skjøna det
No tyngest huset av ein innestengd dåm

Eg står opp
Eg opnar vindauget
Eg opnar dører
Eg finn frukta
og ber ho ut

Molda sukkar

_________________________________________________________________________

Frå Hilde Myklebust: Søkk. Samlaget 2008. Side 60.
Publisert med løyve frå forfattar og forlag. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2018.
© Anna publisering eller offentleg bruk kan berre gjerast med løyve frå forfattar og forlag.
__________________________________________________________________________