Sofokles: Kong Oidipus (utdrag)

(Omsetjing, 1930)

Omsett frå gresk av Mathias Skard

[...]

GJÆTAREN
Eg måtte ynkast, herre! No tok han det med
på ferdi heim til landet sitt her langt ifrå. -
Men usælt hev han berga det. For er du den
som mannen sa, då føddest du til verste ve.

(Bodet og gjætaren gjeng.)

OIDIPUS
Å, ve meg! ve! No vart det heile klårt - so klårt!
Du kjære sol, som no eg ser for siste gong:
mitt upphav - det var synd; mitt ekteskap forbrot,
og far laut lata livet for mi mordarhand!

(Gjeng inn.)


Strofe I.

Daglause mannsbarn i skiftande tider,
ringt er ditt liv millom stiging og fall.
Ikkje du kann, medan dagane skrider,
tryggja deg lukka til dagen er all.
Knapt kann ein vinna so langt at ein trur seg
rett å ha lukka i fang - fyrr ho snur seg.
Oidipus, ingen hev vist oss som du
korleis vår jubel til jammer kann vendast.
Soleis må visdomen inn i oss brennast:
aldri på lukka for tidleg å tru.

Motstrofe I.

Veldig og visshøv du målet ditt nådde:
alt hev du vunne som menneske vann.
Undergangsvarslande gåta du rådde;
Sfinksen med jarnklo på kvinnemjuk hand
dreiv du i dauden, og folket deg helsa, -
jublande takksamt for freden og frelsa
hev dei på Laios's trone deg sett.
Høgvyrd og heidra du rådde ditt rike;
ingen i mynd og i makt var din like -
drott yver Tebes kadmeiiske ætt!

Strofe II.

Og no er 'kje nokon so naudstadd som du.
Til grunns hev du røynt korleis lagnaden vender
den læande lukka til gråtande gru
og skam på det skuldlause hovudet brenner.
Å, du som tok Laios som make i famn,
kvi lokka du son din med elskhugsnamn?
kvi ørska du soleis? koss kunde det gå til,
at ikkje du vakna og vildringi braut?
Deg søkte dei båe, deg stod deira trå til,
og sonen fekk njota det far hans naut.

Motstrofe II.

No fann ho deg, tidi som allting vert vár,
og dømde ditt ugilde giftarmåls skamliv,
der mori var make og barnet var far.
Å, Laios's son med ditt brotslege samliv!
gjev aldri eg hadde di åsyn fått sjå!
For meir enn til måt eg deg ynka må.
Det brenn i min barm ei unemneleg kvide;
for, sanningi sagd, var det mannskapen din
som kveikte mitt mod, gjorde kreftene frie.
No vavrar eg veglaus og tåreblind!

[...]
 

Frå Sofokles: Kong Oidipus. Umsett frå gresk ved Mathias Skard. Klassiske bokverk i norsk umsetjing av Studentmållaget. Oslo: Det Norske Samlaget 1930. Side 78-80. Elektronisk utgåve
2003 ved Jon Grepstad.