Kantate ved 900-aarsfesten i Gudbrandsdalen

(Kantate, 1921)

Av Rasmus Stauri

    Kor (blanda):
    Mel.: Folketone frå G.dalen

Det gufsar gjenom dalen
kald elvesno frå nord;
i gamle gudehovet
er offerfest for Tor.
Midtvintersblôt vert halde,
på gruva brenn det eld,
frå opne dør og gluggar
står gov til seint på kveld.

I myrke skog det susar.
Kring høge, kvite fjell
for nordanvinden driv no
som røyk den fine mjell.
Ijenom natt og stilla
stig håse ramneskrik,
dei gledast Odins fuglar,
som leitar etter lik.

Men dølefolket undrast
og ser i natta ut
der vinterhimlen kviler
so blå på fjell og nut.
Og tunge tankar tærer
med tvil på Tor og Frøy:
Kven råder folkelagnad?
Kven skapte mann og møy?

    Solo (mansrøyst):
    Mel.: Ånders herre.

Høgt mun mannatanken fare,
leitar etter sanningsord.
Tor i Trudvang kan ei svare;
Bivrøst når ei ned til jord.
Valhalls gudar no er gamle,
kan ei kjemper kring seg samle;
kvar og ein får sjølv seg vare.

    Solo (kvinnerøyst):

Ætter føddest, ætter døydde -
tusen år i kamp og strid -
livet for kvarandre øyde
i den lange barde-tid.
Norne-råd sjølv Frigg ei kjende:
Hødd til helheim Balder sende,
heimsens fred og sæla snøydde.

    Kor (blanda):

Vise skald-namn ingen kjenner -
kvad eingong om Gimle-borg,
der Alfader bur og sender
ljos og stillar sut og sorg,
råder mannens liv og lagnad,
unner alle fred og fagnad:
Vi i tru til han oss vender.

    Kor (kvinnekor):

Bod vi ber om nye tider:
ljos til fagrast dal i nord;
Solegull kring fjell og lider,
fred til alle folk på jord.
Kvite Krist, hin milde, sterke,
med det nye siger-merke, -
han er heile heimsens herre.

    Solo (kvinnerøyst):

Høge æsers harde lære
mana menn til ledingsferd.
Kvite Krist skal freds-bod bære,
hugen snu til fredsæl gjerd.
Striden hans er strid for tankar,
hjarta som i brennhug bankar
er hans heilagdom og ære.

    Solo (mannsrøyst):
    Mel.: Kirken den er et

Kom konnung Olav daa og bar
krossmerket fram her i dalen,
fremst under merket alltid var,
under det stupte paa valen.
Sloknande syn mot himmelhamn
tok han daa Norge i si famn, -
Olav so bygde vaar kyrkje.

    Kor (blanda):

Lidne er mange hundrad aar
sidan om æser dei drøymde.
Frost-skodda kvarv for solvarm vaar,
gudane gamle vart gløymde.
Kjærleik i tru paa Jesus Krist
sigra i nordmenns hug til sist,
ny-skapte dalen og landet.

Unisont. Alle reiser seg og syng:
Gud signe vaart dyre fedraland
1. og 2. vers.
 

Frå Bygd og By. 10. aarg. Nr 14. Sundag 24 juli 1921. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad