Dei gamle lofti

(Dikt, 1892)

Av Jørund Telnes

Den nye stevtonen

Dei gamle Lofti so vent var stelde,
Som gamal Kongehall var dei tjelde
Mæ sauma Plagg og mæ brogda Tjell,
Mæ vene Handklæ og varme Fell.

Men gamle Lofti dei Stasen misste:
Dæ brogda Plagg og den maala Kiste.
No er han burte den gamle Stas,
No stend der Koppar og anna Knas.

Fraa Vegg og Raate dei Stasen rive,
Han hit og dit hev i Veri svive,
D'er vondt aa sjaa, at dæ vene Hus
Ein Heim hev blive for Flagremus.

No hev me att bare Vegg og Soga,
For Fanteskikken i nye Staaga
Han reiv av Veggen og sopa ut
Og hengde uppatt ein Krambuklut.

Og vil du no sjaa att Moers Fingar,
Den vene Vevna og Rosesvingar,
Daa maa du fara or Lande ut,
Snart er han selde den seinste Klut!

Og høver dæ, du skal hyse mange,
Du sleppe fint for aat Lofte gange,
D'er bare laane i næste Gar,
Som hev 'kje meir en dei sjølve tar.

 

Frå Netar.Fraa Jørund Telnes. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 1892. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad