Me flyt paa stølen

(Dikt, 1885)

 

Av Jørund Telnes
 

Blomen lyser, lauvet sprett,
upp aa stølen no me set.
    Rundt i heimen
    ligger eimen.
    Fuglen kvitrar
    tjørni glitrar,
    uppi fjelli.

 

Nuten speglar seg i fjord,
snøen ned fraa fjelli glor.
    Tusseguten
    læt i skuten,
    gygri lokkar
    i solvarme bakkar
    millom fjelli.

 


Frå Lesebok i det norske folkemaal for høgre skular ved Arne Garborg og Ivar Mortenson. Kristiania: Forlagt av Huseby & Co. limit. 1885. Elektronisk utgåve 2002 ved Jon Grepstad