Me slær framfor oss krossen din

(Dikt, 1949)

Av Jørund Telnes

Tone: Eg veit i himmerik ei borg, nr. 70.

Me slær framfor oss krossen din,
Og bed so Fadervåret,
I Jesu namn me sovnar inn
Og ottast ingen fåre.

So kjem til oss Guds englar små,
Held vakt kring våre senger.
Dei kjem frå stjernehimlen blå
På sine kvite venger.

Gud, med oss alle saman ver,
So Krist for alle lyser!
Gud hjelpe deim som ute fer,
Og deim som svelt og fryser!

No sovnar far og mor eg eg
Og alle borni dine.
I morgon soli vekkjer meg
Når ho på veggen skine.
 


Frå Nynorsk salmebok for kyrkja, heim og skule. Fjorde upplaget. Med tonar. Oslo: Det Norske Samlaget 1949. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad