Nytt og gamalt

(Dikt, 1892)

Av Jørund Telnes

 
Dei talar mykje um gamle Dagar,
Og some kyter og some klagar.
Og mange ynskjer dei uppatt fort,
Men some gløymer dei heiltupp bort.

Det nyttar lite aa gange drøyme,
Paa Kistebotten dæ Sylve gjøyme!
Ei helder paa alt dæ nye glo,
Og springe 'tor sine eigne Sko!

So sneggt som Roti paa Tree brotnar,
Dæ turkar ne og dæ ligg og rotnar.
Og guten aldri skal verta stor,
Som gjeng og vanvyrer Far og Mor.

Men høg og fri skal den Hugen vera,
Som rak og høg vil den Toppen bera.
Skal alting vera paa gamall Vis,
So krek ein neatt som Humleris.

I nytt og gamalt so er eg fegjen!
So legg eg Selskap og smør i Vegen.
Dæ hava skal ikkje Last og Skam,
Dæ som vil vekse, og som vil fram.  


Frå Netar. Fraa Jørund Telnes. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 1892. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad