Rekning til Amte

(Dikt, 1892)

Av Jørund Telnes

Beinaste Vegen eg tok, daa eg for,
Og til meg dei trengde;
Vegen var likeins i Aar som i Fjor
I Breidde og Lengde.
Sekstande Juni daa bar dæ i Veg
Um Morgonen, aatte.
Halvor han skjussa baa' Futen og meg
Mæ Hesten, eg aatte.
Einast for Møte paa Bratsberg dæ var,
Dæ stend meg i Minne.
- "Dæ gjeng vel yver!" gav Reven til Svar,
Dei drog av n' Skinne.
Den tri og tjugende lyft' eg paa Hatt
Og strauk utor "Hjellen".
Gla var eg, daa eg saag Heimen min att,
Men daa var dæ Kvelden.
Eg som dei andre vel Løni mi fær
- Og Rekning her stende -
Baa' for dæ goe og vonde me gjer,
Mæ dæ er me tende.
So lyt eg bea deg orsaka meg,
Eg braut lit paa Normi,
Rim er vel sjeldfengt for Futen og deg,
Som trælar i Formi.

Jørund Telnes

Betaling og Veilængde rigtigt beregnet.
Barth .

Ved Skydsberegning og Veilængde intet at erindre for dette Fogderis Vedkommende.
Borchsenius .

Anvises til Udbetaling af øvre Telemarkens Fogderi
Rye .


Frå Netar.Fraa Jørund Telnes. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 1892. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad