Seljor

(Dikt, 1892)

Av Jørund Telnes

 
I Telemarki er gott aa una,
Der lyfter Fjølli mot Skyi Kruna.
Men venast totte eg, hor eg for,
Var her ve Skorve og blanke Fjor.

Her er dæ Liar og svaale Skogar
Og vene Garar og flate Mogar,
I Vatn og Kjøn dæ seg speglar der,
So vent du aldri dæ maala fær.

I Lian blæs dei paa Lur og Horn,
Og Fela læte so vent fraa Fjoren,
Og kvite Fossar fraa Fjølle spring,
Og Bjørki liljar seg vent umkring.

Dei trur vel dæ, me er innestengde,
Men Hug og Voner dei fram seg sprengde.
Fraa Fjølle kann me so vie sjaa,
Der Skyi sviv um kring Toppann blaa'.

Her fann dei Songar og gamle Soga
Fraa goe Fedrar i Ljaarestoga.
Me heve mangt av dæ nye lært,
Dæ gamle minnast er endaa kjært.

Og Maale heve den gamle Klaangen
Fraa Langeleiken og Bogastrengen,
Og Kyrkjeklokka læt venast her,
Dæ tiss eg, hor eg i Veri fer.

Og her me heve for Presten gjenge,
Og goe Gullkorn me der hev fenge.
Kring Gravi rann der so mangei Taar,
Der stende Minni fraa Aar til Aar.
  

Frå Netar.Fraa Jørund Telnes. Kristiania. Hjaa Olaf Norli. 1892. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad