Henrik Wergeland

Diktar, cand.theol., redaktør, amanuensis på Universitetsbiblioteket og byråsjef i Riksarkivet.

Henrik Wergeland
Henrik Wergeland

Henrik Wergeland, 1808–45, var fødd i Kristiansand. Han var diktar, cand.theol., redaktør, amanuensis på Universitetsbiblioteket og byråsjef i Riksarkivet.

Wergeland debuterte med Digte, første Ring i 1829, så følgde Skabelsen, Mennesket og Messias i 1830, som kom i ei omarbeidd utgåve med tittelen Mennesket i 1845, og Digte, anden Ring i 1833. Vidare kom mellom andre Jan van Huysums Blomsterstykke i 1840, Jøden i 1842, Den engelske Lods og Jødinden i 1844. I 1845 kom dei sjølvbiografiske skissene Hassel-Nødder, og dikt som Til min Gyldenlak og Til Foraaret.

Som folkeopplysning gav han ut tidsskrifta For Almuen, For Menigmand, For Arbeidsklassen i perioden 1839–45. Han redigerte Folkebladet og Statsborgeren.

Wergeland arbeidde for å oppheve forbodet mot at jødar fekk tilgang til landet. Han stifta folkebibliotek, sokneselskap og ungdomsforeiningar. Han kjempa for språkleg og kulturell lausriving frå Danmark og for feiring av 17. mai.

Frå "Henrik Wergeland", Allkunne.no, sist oppdatert 11.3.2013 [lesedato 8.2.2018] Utdraget er publisert med løyve frå det digitale leksikonet Allkunne, og i tråd med deira avtale med forfattaren. Les heile artikkelen her.

Sigurd Blekastad: Henrik Vergeland. Dikt (1873)
Olav Nygard: Wergeland. Dikt (1923)
Steinar Schjøtt: Henrik Wergeland. Biografi (1893)