Valdrisen paa Heimvegen

(Dikt, 1881)

Av Henrik Wergeland
 
No kann inkji vera langt te Valdris att:
      Hjarta bli so heitt ti Live.
Skogen tykjist laupe, Aasadn glie radt,
      skjele so nær Skyidn drive.
Beinêbli so kveke so te Springedans;
no e inkji tenkji lenger paa ein Stans.
            Hei! no gaar dæ glatt;
            Bakkin høg o bratt
      tykjist javn so Isens Skjive.
 
Sjaa! Dæ glema alt ti Bægna, so ho rann
      'ti ei solblank Sylverrenne.
E vil fulgji ho so skjele so eit Band 
      beinast Veg te Heimegrendê.
Men ein litin Bekk ska unde lystigt Røl
unde Hugakøllen syne me ein Støl,
            der ho Gjenta mi
            bur den korte Ti
      Bloma blomstre vent i Lio.
 

Frå Lauvduskar. Samling av ymse Smaastykke. IV. [Red. Hans Ross] Forlagt av Det Norske Samlaget. Ringvolds boktrykkeri. Kristiania 1881. Elektronisk utgåve 2003 ved Jon Grepstad