Astrid, mi Astrid

Folkevise. Frå Norsk sangbok. 1998

Omdikting etter Horats ved Hans Hanson

"Astrid, mi Astrid, som eine held 'tå meg,
Den tid du var meg så inderleg god,
Den tid du gret kvar ein gong eg gjekk frå deg,
Som var kvar laurdags-kveld, mins du det no?
/: Då var i bygda eg sælaste gut,
Inkje eg byta med prest eller fut." :/
 
"Den tid du heldt utav Astrid åleine,
Då inkje Svanaug var venar' for deg;
Den tid du var no så snøgg'e på beina,
Då du kvar laurdags-kveld ila til meg;
/: Inkje med skrivarens dotter ha' eg
Den gongen byta, skull' eg mista deg." :/
 
"Heretter berre til Svanaug eg belar,
Ho som er alltid så godsleg og blid,
Ho som så gildsleg på langleiken spelar,
Svanaug den vene skal no vera mi;
/: Gjerne så ville eg to gonger døy
Når eg kunn' gleda mi venøygde møy." :/
 
"No held eg berre 'tå Torgrim den flinke,
Eismal eg vald'n blant belarar fleir!
Sveinung, ja Sveinung! du tarv no slett inkje
Tenkja at eg kan få hug til deg meir;
/: Tre gonger måtte dei slå meg i hel
når eg berr' visste at Torgrim var sæl!" :/
 
"Men om eg skulle no Svanaug forlata,
Og om eg kom ho 'kje meire i hug,
Og om eg skulle til deg koma atter,
Om eg til Astrid igjen skull' få hug;
/: Om eg no trygda at eg vart deg tru,
Astrid, mi Astrid! kva svara då du?" :/
 
"Venar' enn soli som glar bakom fjellet,
Det er han Torgrim, kan eg seia deg;
Og du argar enn villaste trollet,
Falskar enn skumet på vatnet mot meg.
/: – Men eg er likvel di trugnaste møy,
Berre med deg vil eg leva og døy." :/

 
Sven Moren: Songbok for skular og ungdomslag, Oslo 1946. Elektronisk utgåve 2018 ved Nynorsk kultursentrum.