Den bakvende visa

Folkevise.

Eg beisla min støvel og sala mitt sverd,
so batt eg merra ved sida,
so reidde eg meg til kattemorsferd,
skulde standa den farlege strida.
- Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,
eg totte den visa var bakvend radt.
 
Og reven var raud og ikorn var snau,
dæ var tvau dyr uti skogen.
der stod to ikorn og tamde ein bjørn,
dei ville ha han for plogen.
- Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,
eg totte den visa var bakvend radt.
 
Og laksen opp i furutopp,
han braut smålauvet av greiner,
og ikorn ned på havsens botn
skulle bryta opp store gråsteinar.
- Eg låg og eg datt, eg drømde i natt,
eg totte den visa var bakvend radt.

Snigelen låg oppå høge hei
og stanga ned skya med horna.
Og reven hadde fått foteverk,
no kom han kje heim att til borna.
- Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,
eg totte den visa var bakvend radt.

Kobben han var gjetar-svein,
han skulle gå etter sauom.
Der stod ein stein på bire bein,
han sat og tvo seg i augom.
- Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,
eg totte den visa var bakvend radt.

Så kom det fram ei gråsala geit,
var avhogne alle tre beina.
Så sende dei henne til Dovrefjell
å verja mot alle gråbeinar.
- Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,eg totte den visa var bakvend radt
 
So kom der fram ein gamal blind mann,
skulde sjå, ko dæ leid no mæ tide−.
Og månen han gol og stjørnunne song,
og gauken han skein burt i lide−.
- Eg låg og eg datt, eg drøymde i natt,
eg totte den visa var bakvend radt.
 

Alvestad: Norsk songbok, Oslo 1964. Elektronisk utgåve 2018ved Nynorsk kultursentrum.