Draumkvedet

Folkevise. Frå Lammer: Norske folkeviser. 1923

I

Vil du meg lye, eg kvea full kan
um einkvan nytan drengjen,
alt um han Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.
Og det var Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.
 
Han la seg ned um joleftan
og sterkan svevnen fekk;
vakna 'kje fyrr um trettandagjen,
då folkje at kjyrkjunn gjekk.
Og det var Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.
 
Han la seg ned um joleftan,
no hev han sovi so lengje,
vakna 'kje fyrr um trettandagjen,
då fuglanne skoko vengjo.
Og det var Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.
 
Han vakna 'kje fyrr om trettandagjen,
då soli rann i lie,
då sala han ut fljotan folen,
han vilde at kjyrkjunn rie.
Og det var Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.
 
Presten stende fyr altari
og les upp lestine lange;
Olav sette seg i kjyrkjedynni
og tele draumane mange.
Og det var Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.
 
Gamle menner og unge
dei gjeve atte gaum'e,
med' han Olav Åsteson
no tele sine draume.
Og det var Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.
 
II
 
Eg la meg ned um joleftan
og sterkan svevnen fekk;
vakna 'kje fyrr um trettandagjen,
då folke at kjyrkjunn gjekk.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
Eg hev vori meg upp med sky
og ned med havsens grunne; -
den, som vil mitt fotspor fylgje,
han lær 'kje av bliom munne.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
Eg hev vori meg upp med sky
og ned att på svarte dikje,
eg hev set at heite helviti
og ein deil av himmerikje.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
Eg hev fari yver vigde vatne
og yver djupe dalar,
høyrer vatn og ser det inkje,
under jori so mune det fara.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
Inkje neggja soten min,
inkje gjøydde min hunde,
inkje gol dei ottefuglann,
det tottest meg vera under.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
Fyste eg var i uteksti,
eg fór yver tynnermog;
sunde gjekk mi skarlakskåpe,
og neglan av kvar min fot.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
Kjem eg meg at Gjallarbrui,
ho henge so høgt i vinde,
ho er all me gulli slegji
og saum i kvorjum tinde.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
Ormen høgg og bikkja bite
og stuten stend mitte på leii;
tri er tingji på Gjallarbrui
og alle er gramme og vreie.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
Bikkja bite og ormen stinge
og stuten stend og stangar:
der slepp ingjen yver Gjallarbrui,
som feller domane vrange.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
Eg hev gjengji Gjallarbrui,
ho er båe bratt og lei;
vassa so hev eg dei Våsemyran,
no er eg kvitt'e dei.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
Va'i so hev eg dei Våsemyran,
der hev 'kje stai meg grunn;
no hev eg gjengji Gjallarbrui
med rapa moll i munn.
Fyr månen skine
og vegjinne falla so vide.
 
III
 
So kom eg meg at votno dei,
der isanne brunno blå,
men Gud skaut det i hugjen min:
eg vende meg derifrå.
Fyr månen skin'
og vegjinne falla vide.
 
So tek eg på ein vetterstig
alt på mi høgre hand:
Der såg eg meg te paradis,
det lyser yver vene land.
Fyr månen skin'
og vegjinne falla vide.
 
Der såg eg sæle gullmor mi,
meg mune 'kje betre gange:
"Reis du deg te brokksvalin,
der skal domen stande!"
Fyr månen skin'
og vegjinne falla so vide.
 
IV
 
Eg var meg i aurom heimi
i mange nættar og trå;
det veit Gud i himmerik,
hossi mang' ei nau eg såg.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Eg såg meg einom drengjin den -
det fyste eg vart ve: -
liten småsvein bar han' ti fangje
og gjekk i jori te kne.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
So kom eg meg at manni den, -
kåpa den var bly:
hans arme sål i dessi heimi
var trong i dyre ti.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Kjem eg meg at monno dei,
dei bar på gloandes jor:
Gud nå'e dei fatike sålinne,
som flutte deildir i skog.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Kjem eg meg at bonno dei,
dei støje so høgt på glo:
Gud nå'e dei synduge sålinne,
dei ha banna burt far og mor.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Kjem eg meg at syslehuse;
der var trollkjerringan inne:
dei sto kjinna i raue bloe,
det var so tung ei vinne.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Der er heitt i helvite,
heitar hell nokon hyggje.
er hengde dei 'pivi ein tjyruketil
og brytja ne-i ein styggings ryggje.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Der kom færi norante
og den rei no so kvast:
fyre rei Grutte Gråskjeggje
alt med sitt store brass.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Der kom færi norante
det tottest meg vera verst:
fyre rei Grutte Gråskjeggje,
han rei på svartan hest.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Der kom færi sunnante
og den rei no so tvist:
fyre rei sankte Såle-Mikkjel
næste Jesus Krist.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Der kom færi sunnante
det tottest meg vera best:
fyre rei sankte Såle- Mikkjel,
han rei på kvitan hest.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Der kom færi sunnante
den tottest meg vera trå;
fyre rei sankte Såle-Mikkjel,
og luren under armen låg.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Det var sankte Såle-Mikkjel,
han bles i luren den lange:
Og no skal alle sålinne
fram fyr domen gange.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Men då skolv alle synde-sålinne
som ospelauv fyr vinde,
og kvar einaste sål der var,
ho gret fyr syndine sine.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
Det var sankte Såle-Mikkjel,
han vog i skålevikt,
so vog han alle synde-sålinne
burt til Jesum Krist.
I brokksvalin
der skal domen stande.
 
V
 
Sæl er den i føisheimen
fatike gjeve sko.
han tar inkje berrføtt gange
på kvasse heklemog.
Tunga talar
og sanning svarar på domedag.
 
Sæl er den i føisheimen
fatike gjeve brau.
Han tar 'kje ræddast i aurom heimi
fyr horske hundegau.
Tunga talar
og sanning svarar på domedag.
 
Sæl er den i føisheimen
fatike gjeve konn;
han tar 'kje ræddast på Gjallarbrui
fyr kvasse stutehonn.
Tunga talar
og sanning svarar på domedag.
 
Sæl er den i føisheimen
fatike gjeve klæi;
han tar 'kje ræddast i aurom heimi
fyr høge kjellar-bræi.
Tunga talar
og sanning svarar på domedag.
 
 
Gamle mennar og unge,
dei gjeve atte gaum'e:
det var han Olav Åsteson,
no hev han førtålt sine draume.
Statt upp, du Olav Åsteson,
som heve sovi so lengje.
 

Frå Norske folkeviser. Tekst og toner. Udgivet ved Thorvald Lammers. I. Fjerde oplag. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1923. Lammers skriv i forordet: "Teksten har jeg med bistand av professor Molkte Moe ... sammenstillet væsentlig efter Landstads "Norske Folkeviser" (Christiania 1853, Chr. Tønsbergs forlag). Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad