Eg gjekk meg opp til seterli

Folkevise. Frå Norsk sangbok. 1998

Eg gjekk meg opp til seterli
til jenta mi, ho var ikkje bli',
ho var ikkje grei,
ho svara meg nei,
kvar vil du no her,
du fær ikkje meg.
 
Men som det lei til laurdagskveld,
eg pynta meg og gjekk i veg lell.
Og vegen var bratt,
eg gjekk og eg datt,
eg kom ikkje fram før langt på natt.
 
Men som eg kom til seterstad,
då vart eg glad: Ho svara meg ja.
"Eg er ikkje vond,
du ska´få rom,
eg vart så glad eg såg du kom."
 
Så hengd´ho over gryta si
med rjome i og koka til meg.
Og grauten var heit,
og han var feit,
eg sku´skunda meg, -
det var´kje greit.
 

Frå Norsk sangbok, Oslo 1998. Elektronisk utgåve 2002 ved Nynorsk kultursentrum