Gamlestev

Stev. Frå Berg og Strauri: Sangbok for norsk ungdom. 1923

Ingen fuglen flyger so hågt
som grågåsi med sine ungar,
og ingen ormen sting so sårt
som falske manna-tunga.

Drukken manns ord er draumen likt;
ein føre det ingen fyr øyra;
han talar so mykje um eftan
han vil 'kje um morgon høyra.

Sutene og sorgene
dei trør eg under fot;
di gladare skal eg halda meg,
di meir det gjeng meg imot.

Sutene og sorgene,
det blandast alt tilsaman;
munnen lær, og hjarta græter,
det er so lite gaman.



Frå Mads Berg og Rasmus Stauri: Sangbok for norsk ungdom. Kristiania: H. Aschehoug & Co. 1923. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad