I denne verdi så mykje vantar

Folkevise

I denne verdi så mykje vantar
og suti møter på alle kantar,
og suti gjenger støtt jamsid's med,
som skigard fylgjer ein ålmann-veg.
 
Og liksom lauvet om hausten bleiknar,
det store modet med tidi veiknar;
som lauvet bleiknar og fell til jord,
så folnar fysna og store ord.
 
Mi ungdoms-glede hev reint bortsvivi,
eg veit 'kje kvar ho hev etter blivi!
Mi ungdoms-glede hev fari fort
som skodd for vind og som dogg for sol.
 
Og ungdoms-gleda er liksom draumen,
ho fylgjer med oss som stokk i straumen;
når flaumen stanar, er skyssen end
−så kan òg gleda til sorg bli vend.
 
Og allting gløymest no bort med tidi,
men aldri gløymest det eg hev lidi;
for alt i verdi kan gjevast råd,
men ungdoms kjærleike aukar på.
 
 

Alvestad: Norsk songbok, 1964. Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad