Kongssonen av Norigs-land

Folkevise. Frå Rolfsen og Støylen: Læsestykker paa landsmaal. 1902

«Høyr du de, du litle fuglen,
hot eg bede deg:
du skal fara til Engeland
og bêla for meg!»
−Ikor han finn si jomfru.
 
«Hoss kann eg fara til Engeland
og bêla for deg?
eg kann ikkje anten brev hell runir
føre med meg.»
 
«Du tarv ikkje anten brev hell runir
føre med deg.
Sèg: d'er ein kongsson i Norigs-land
vil bêla til deg.»
 
De var den litle fuglen,
han fauk yvi hav;
aldri natt hell ljose dagen
han seg kví­ldi gav.
 
Aldri natt hell ljose dagen
han seg kví­ldi gav,
fyrr han kom aat bure der
som kongsdottri var.
 
«Høyr du de, mi væne jomfru,
hot eg segjer deg:
her er ein kongsson i Norigs-land
vil bêla til deg.»

«Er de ein kongsson i Norigs-land
vil bêla til meg,
kvar er dei brev hell runir
han sende med deg?»

«Eg er meg so litin ein fugl,
i grase eg rann,
eg kann ikkje anten brev hell runir
føre fram.»
 
«Skal eg dronning i Norigs-land vera,
eg er meg eit barn,
so skal eg skatten paa bøndane leggje,
og den skal bli hard!»
 
«Skal eg dronning i Norigs-land vera,
eg er meg so ung,
so skal eg skatten paa bøndane leggje,
og den skal bli tung!»

«Vil du skatten på bøndane leggje,
og den skal bli hard:
Gud lat deg aldri til Norigs-land koma,
anten natt hell dag!»
 
«Vil du skatten paa bøndane leggje,
og den skal bli hard:
Gud lat deg aldri til Norigs-land koma,
anten gòmol hell ung!»
 
Og de var den litle fuglen
kom atter so vrei:
«du tarv ikkje til jomfruva bêla
de er kort nei!»
 

Frå Læsestykker paa landsmaal ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. Kristiania: Jacob Dybwads Forlag 1902. Elektronisk utgåve 2018 ved Nynorsk kultursentrum.