Nystev

Stev. Frå Berg og Stauri: Sangbok for norsk ungdom. 1923

Å vil du have meg til å kveda,
det skal eg gjera med største gleda,
og eg skal kveda so vent fyr deg
at du skal gløyma deg sjølv og meg.

Å eg skal kveda so du skal gråta,
um du var aldri så glad og kåt'e,
å eg skal kveda so snålt fyr deg,
at du skal læ når du ser på meg.

Og mine visor dei er so snåle,
som Borken tråvar på isen håle,
og mine visor dei gjer' ein sleng
som litle guten på skeisunn' gjeng.

Å mine visor dei er so mange,
som heggje-blomane drys i fanget;
so hev det vore i all si tid:
dess meir dei kved dei, dess meir der bid.

Å vil du stevjast, so skal eg svara,
og heile natti so skal det vara;
og vil du stevjast med meg i kveld,
du går 'kje åt fyrr du fær ein smell.



Frå Mads Berg og Rasmus Stauri: Sangbok for norsk ungdom. Kristiania: H. Aschehoug & Co. 1923. Elektronisk utgåve 2000 ved Jon Grepstad