Per spelmann

Folkevise

:/: Per spelmann han hadde ei einaste ku. :/:
:/: Han bytte bort kua, fekk fela igjen! :/:
«Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!»


:/:Per spelmann han spela og fela ho lét, :/:
:/: så gutane dansa og jentene gret. :/:
«Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!»

:/: «Og om eg vert gammal som stein under bru, :/:
:/: så aldri eg byter bort fela for ku. :/:
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!»

:/: «Og om eg vert gammal som mose på tre, :/:
:/: så aldri eg byter bort fela for fé. :/:
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!»

:/: «Og om eg vert gammal som skorpe på graut, :/:
:/: så aldri eg byter bort fela for naut. :/:
Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!»


Frå Songbok for folkehøgskolen, Oslo 1991 . Elektronisk utgåve 2001 ved Jon Grepstad og 2010 ved Nynorsk kultursentrum.