Roland og Magnus kongjen

Folkevise. Frå Lammers: Norske folkeviser. 1923

1. "Seks mine sveinar heime vera,
dei gjøyme det gulli balde;
dei are seks på heiningslåndo
dei røyne dei jønni kalde."

2. Dei vunde upp det silkjesegl
høgt upp i seglerå;
so seglar dei på heiningslåndo
i virkevikunne två.

3. Årinne og ankarinne
feste på kvite sanden;
det var Magnus kongjen,
han tro den fyste på lande.

4. Der kom so mange blåmenn fram,
at dei skygde fyr sol;
då frykta alle jamningann,
bad Roland blåse i honn.

5. Roland svara deim med vreie,
og honom rann blo og skum:
"Eg skal hogge so store hogg,
at det skal spyrjast te domen."

6. Dei slogest ut på Rusarvollen
i dagane två og trjå;
då fall heiningann fyr Rolandssværi,
som storren fyr goan ljå.

7. Dei slogest ut på Rusarvollen,
voro dei alle vreie,
då fall heiningann fyr Rolandssværi,
som snjoen driv uti heie.

8. Dei slogest ut på Rusarvollen, -
trøytte drengjir og moe,
soli fekk inkje skine bjart
fyr røykjen av mannebloe.

9. Roland sette luren fyr blogga munne,
bles han i med vreie;
då rivna gjor og gjarir,
og ljo'i ber av yver heie.

10. Roland sette luren fyr blogga munne,
bles han i med vreie;
då rivna mur og marmorstein
i nie døgrir av leie.

11. Det var Magnus kongjen,
breste han i å gråte:
"Hot tru feler Roland, frenden min?
no høyrer eg luren låte."

12. Fram so kom det luraljoi,
det sokk uti sliregjengje,
Roland bles sine augo or haus,
so hardt honom heiningann trengde.

***

13. "Gangie tvei 'ta alle ut
og takje med dikkon makar,
sjå, um de kan Dvergedolg
av Rolands handi taka."

14. Atte kjeme smådrengjinne,
seie dei ifrå:
"Me kunna inkje Dvergedolg
av Rolands håndi taka."

15. Fram so gjenge Magnus kongjen
med so stor ei trega:
Roland rette sværi frå seg,
som han vilde kongjen det gjeva.

16. Fram so gjenge Magnus kongjen
med so stor ei attrå;
Roland rette sværi frå seg,
som han vilde kongjen det få.

***

17. Heim atte kjem han Magnus kongjen,
dei sette seg alle raue,
han ha' full skipe med sylv og gull,
og då var heiningann daue.

18. "Kvi sitja de her so moe
og inkje drukne og kåte?
Hava de på sotto legji
ellå raske drengjinne låtist?"

19. "Du tar inkje, drottningi, undrast
um me hava sorgji fengji;
han hev låtist Roland, konungsfrenden,
og dertil nyte drengjir." -

 


Frå Norske folkeviser. Tekst og toner. Udgivet ved Thorvald Lammers. I. Fjerde oplag. Kristiania: H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard), 1923. Elektronisk utgåve 1996 ved Jon Grepstad