Sjå, Syver står og sagar ved

Folkevise

Sjå Syver står og sagar ved,
han sagar store kubbar.
Han sagar gran og furuved
og rot og tyristubbar.
Han sagar fint, han sagar fort,
så kviler han når det er gjort,
og dansar og dansar.
Tralala, tralala, tralalalalala!

Sjå, Syver står og kløyver ved,
han kløyver store kubbar.
Han kløyver gran og furuved
og rot og tyristubbar.
Han kløyver fint, han kløyver fort,
så kviler han når det er gjort,
og dansar og dansar.
Tralala, tralala, tralalalalala!

Og sjå, der bøyer han seg ned
og lesser ved på armen.
Kom hit, du Kari, og ver med;
no vert det liv på varmen.
Så reiser han seg roleg opp
og retter rygg og gjer eit hopp
og dansar, og dansar.
Tralala, tralala, tralalalalala!

Og lett på tå han Syver går,
no skal han inn med veden.
Men uti gangen litt han står,
og trampar av seg snøen.
Han stablar veden frå seg fort,
så kviler han når det er gjort,
og dansar, og dansar.
Tralala, tralala, tralalalalala!

 

 

Tekst: Margrethe Munthe (ukjend omsetjar/ Visekatalogen)


Frå Mads Berg: Skulesongbok, 1966 (4.oplaget-1987). Elektronisk utgåve 2018 ved Nynorsk kultursentrum