
Allkunne
Det tok til som eit fellestiltak mellom Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget. Ideen om eit leksikon på nynorsk blei lausleg drøfta på eit første møte i februar 1999 med den faste konklusjonen at det må bli digitalt. Stortinget løyvde dei første driftsmidlane i statsbudsjettet for 2007, og med prosjektet 1001 tekstar blei mottoet flest mogleg tekstar for midlar ein ikkje visste kor lenge ein ville ha.
Ikkje visste ein kva namnet skulle vere, heller. Redaksjonen bala med saka på møte etter møte, til Randulf Rønningen sa: Det skal ikkje heite Allkunne, då? Det skulle det. Linja frå Norsk Allkunnebok (1948–1966) hadde vore der heile tida, berre ikkje den mest opplagde. Inspirert av den kinesiske OL-talmagien 08.08.2008 skipa dei to partane dotterselskapet Allkunne AS 20.08.2008. Allkunne.no opna 20. oktober 2009 med arrangement fem stader i landet og blei 1. august 2016 ei ordinær driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum.
Då eg som 16-åring forelska meg i litteraturen for alvor, og med litteraturen meiner eg Tarjei Vesaas, var det einaste verktyet eg kunne ty til for å betre min kunnskap, eittbindsleksikonet til far min, utgitt på Aschehoug og nyinnkjøpt på sal. Ikkje eit vondt ord om verken leksikonet eller Aschehoug, eller min fars bibliotek for den del, men det står ikkje særleg utfyllande om Tarjei Vesaas der. Tjuefire fattige linjer er han tildelt, og dei er ikkje eingong på nynorsk. Her måtte det diktast.
Aina Basso ved opninga av Allkunne.no i Oslo 20.10.2009 (utdrag)
![]() |
allkunne tabell.jpg |
På tiårsagen 20.8.2018 hadde Allkunne publisert 25 143 artiklar: 27 prosent om realfag, 24 prosent om samfunn og politikk, 23 prosent om språk og litteratur.
Torsdag 22. juni 2000
Utdrag frå tale ved opninga ved styreleiar Narve Bjørgo.
Aasen-tunet med variasjonar
«Den første turen er den viktigaste», sa Sverre Fehn til Møre-Nytt då han kom til tomta i tunet 20. mars 1996. Der og då såg han det motsette av det alle andre hadde tenkt – at nybygget måtte reisast tett inntil dei museumsbygningane som alt var der.
Krokfot på sjarmøretappen
Ivar Aasen-året 1996 til hundreårsminnet om Ivar Aasens død opna med 1500 i fakkeltog opp til Ivar Aasen-museet 31. desember 1995. Fire månader ut i året myldra det alt av arrangement som heidra mannen, verket og språket. I Ørsta og Volda tok året ei uventa vending.
Frå stemne til festival
I Aasen-tunet blei det fram til 1960-åra arrangert meir eller mindre årvisse stemne. Jostein Krokvik frå Vestmannalaget slo i Jul på Sunnmøre 1983 frampå om årlege stemne i Aasen-tunet att, Aasen-dagar, som han også kalla det. Aasen-museet såg seg ikkje syn med å ta på seg den oppgåva også.
Eldsjela
Jens Kåre Engeset, skule- og museumsmann, var styreleiar for Ivar Aasen-museet i 35 år og var med i brukargruppa som planla Ivar Aasen-tunet fram mot opninga i juni 2000.
Regissøren
Jostein Nerbøvik tok initiativet til Ivar Aasen-tunet i 1990, og han leidde dette arbeidet det meste av tida fram til opninga i 2000.
Måndag 30. august 1993
Invitasjonen gjekk ut 16. april 1993. 15 fylkeskommunar, kommunar, institusjonar og organisasjonar blei inviterte til å «gå inn som skiparar av og med rett til å oppnemne styremedlemer i den planlagde Ivar Aasen-stiftinga». Måndag 30. august møttest representantar for 14 av dei på Møre Folkehøgskule i Ørsta og skipa stiftinga. Før året var omme, var 14 blitt til 18. I 2018 hadde stiftinga 24 stiftarar og partnarar.
Tildriv og føresetnader
Eit dødsfall var utgangspunktet, eit besøk blei vendepunktet.
Premiere i Ulvik
Olav H. Hauge-stiftinga vart stifta i 2000 av Hordaland fylkeskommune og Ulvik herad. Bodil Cappelen, som var gift med Olav H. Hauge frå 1978, selde boksamlinga hans til Ulvik herad. Heradet gav denne vidare til Stiftinga, som heile tida har arbeidd for å få til eit senter om Hauge og diktinga hans.
Grunnlaget
Historia tek kanskje til i 1885, 1898 og 1937.
Torsdag 6. april 2017
Pressemeldinga var ute før kommunestyremøtet var omme. Torsdag 6. april 2017 godkjende Vinje kommunestyre ein overtakings- og driftsavtale med Nynorsk kultursentrum om Vinje-senteret for dikting og journalistikk.