1904 Maalhausten

Rasmus Steinsvik

Maalhausten
 
I politikken er det lite aa gledast ved i denne tid. Med desse vælsigna forhandlingane hev svenskane narra oss so paa avveg, at me seint ror oss heimatt. Og med denne nye sparepolitikken vaar gjeng det som ein kunde venta det.
Lat oss helder sjaa litt paa ,,maalhausten"; det gjev betre mod.
*
Det var ei tid ein trudde, at det berre var i byane og um byfolk ein kunde gjera literatur. Det var den gongen, daa «realismen» braut inn over oss.
Den gamle romantikken kunde nok henta seg emne ute paa bondebygdi; berre ein la glans og farge nok paa, so kunde det verta gilde bøker um ei «Synnøve Solbakken», ein «Arne» og fleire. Men naar realismen kom og kravde det nakne kvardagslivet, daa vilde skil­dringar fraa bondebygdi verta for flate og for turre og for mykje arme paa poesi og tankeflog, so som ein fann det hjaa Ibsen og den nyare Bjørnson.
Eg minnest, at eg sjølv gjekk og saag med otte paa dette. Det var ikkje berre Bjørnson og Ibsen og Lie og Kielland som flutte til byane; men jamvel vaar einaste forfatter den gongen, Arne Garborg, maatte til byen etter emne. «Bondestudentar», «Mannfolk», «Hjaa ho mor» – det var emne fraa byen. Og paa lengdi vilde det faa sine vanskar aa skildra folk fraa ein annan maalheim. Det vilde draga etter seg; ein kunde verta dri­ven over i dansken fyrr ein visste ord av.
I «Uforsonlige» og «Trætte mænd» tydde daa ogso Garborg til dansken. Kven kunde vita, um dette ikkje nettupp var emnet som dreiv hans sans for det egte inn i dansken? Og dreiv emnihonominn i dansken, kor vilde det so gaa med folk som mindre magta?
Me var komne paa utrygg grunn.
Jens Tvedt hadde nok sendt ut nokre smaa fortel­jingar fraa bygderne; men desse saag ut til aa prova just det som eg gjekk og var rædd for: Ein kunde ikkje lenger skriva diktarverk um emne fraa landsbygdi.
Men so kom «Hamnatjonet» denne boki tok mykje av denne otten burt. Og seinare kom dei slag i slag desse meisterlege skildringane av Jens Tvedt – skil­dringar so gode, at Olaf Hansson, den svenske bokgranskaren, med rette kunde seia, at der var meir av Norig i Jens Tvedt en i Henrik Ibsen.
Enno var det berre skildringar av bondelivet som det ter seg til kvardags.
Men so kom «Fred» av Garborg. Der vart det lodda i dypterne; han gav oss den finaste sjæleskildring; me fær sjaa denne sterke sjæl so fyllt og so tryllt av dei tankar som dei høgaste aander hev stride med i aarhundrad etter aarhundrad, at det vert som ei sott som tyner det sunne vit og dreg mannen uti det sog, som skapar tragedien. Og me fekk i «Haugtussa» den gamle romantikken uppattyngd, so aldri song nokon av dei gamle meir yndelegt og draumfagert, paa same tid som skildringi var egte.
Og det vart ikkje berre med desse tvo – Garborg og Tvedt. Der kom Vislie med si «Heldøla» og «Sol­vending». Og Løland kom med sine herlege barnefor­teljingar. Og Seland kom med sine livande skildringar fraa sin kant av landet. Og Hovden kom med si hav­strand og sin havstorm paa vers og prosa; og Sven Moren kom med sine skogbygder og sin skogsus; og Leonhard Næss kom i «Gamle Torbjørn» med eit stykkje Nordland.
Og mange andre kom; kvar hadde fraa sin kant av landet noko nytt aa syna oss. So no kan det snart med rette seiast, at vil ein finna Norig i bøkene, – den parten av Norig som ikkje ligg i byane, – so maa ein til maalliteraturen.
Gjeng fraa Aanrud, som ifor gav oss ei so ypperleg skildring (men som det ofte var meg ei pine aa lesa, maalsk set, just avdi maalet var so egte norsk i ord og vending, men falskt i sin ljodham – «hjem» istadenfor «heim» og meir slikt), gjeng fraa Aanrud og Jakob Bull, so skriv dei no norskt alle dei som verke­leg skildrar bondeliv og bygdeliv.
Dit er me komne; og det er mykje. Ja literært set er det alt me kan venta og ynskja for det fyrste. Literært set er maalsaki ovanpaa. Maaltreet er kome paa trygg grunn; det hev slege djupe røter og skyt i veret med god fart. Greinene er alle friske; sume veldige; dei fleste mannelege.
*
Kva er det no som hev gjort at me er komne so langt ?
Riksmaalsbladi (og riksmaalssekretæren) slær paa sin vælfyllte pengepung og ropar til folket; Sjaa paa oss, hev me ikkje alle pengane paa vaar side? Hev me ikkje kyrkja og skulane? Hev me ikkje riksmagterne med alle sine papirmylnur? Hev me ikkje bokreidarane og bokprentarane og bokseljarane, og alt som er?
Altfor sant. Dei hev mest alle store og sterke magter paa si side. Ikkje so godt som ein bokutgjevar hev maalmennene heilt paa si side. Og likevel hev det iaar kome (og kjem) den eine norske boki etter den andre slag i slag, og det bøker som kan mæla seg med det aller beste av det som til denne tid iaar hev kome paa «riksmaal».
Er ikkje slikt rart? Er det ikkje som eit under? Eit eventyr? Er det ikkje plent just som desse smaa grøne broddane som sting seg fram or jordskorpa um vaaren like ved snøkanten; ein kunde tru, snøen maatte kjøla livet av dei med ein einaste kaldgufs; men han maa røma undan, ja gjøda jordi der broddane ydder fram, og gi dei si nøring!
For der er ei stormagt dei ikkje hev paa si side dei som prøver aa trampa det norske ned, og det er livsens underfulle grokraft; uphavet til alt dette mangslungne liv i planterike og dyrerike; uphavet til alle desse ulike folk med sine ulike tungemaal.
Det er som professor Falk sa her for nokre aar sidan; det er det som er det harmelege at maalmennerne hev nasjonalkjensla paa si side. Det er det me hev; me hev nasjonalkjensla paa vaar side, der ho vak­nar. Og ho vaknar fort no.
Noko saart er der likevel under den gleda me kjen­ner over aa sjaa paa denne vokster. Og det er, at ein synest merka, at det ikkje erallenordmenn som gled seg.
So sterkt hev striden kvesst seg til, og so kvasse hogg vert det gjeve fraa baae kantar (me er i so maate ikkje betre me paa den norske sida), at det hev sett ilt millom desse tvo maalfylkingane.
Dette er vondt, liksom det var vondt at der var dei som harma seg over at vaart norske flagg vart landsflagg. Men der er ingi raad med det; striden maa gaa sin gang. Ein kan vera viss paa, at den dagen kjem nok, daaallenordmenn vil gleda seg over det som no gror.
Ingen hev vore hædd og hata meir en Vinje; no er det vel ingen som ikkje gled seg i hans herlege kvad. Med Aasen er det likeeins. Garborg er ogso paa veg til aa verta avhalden av alle. Den dagen vil koma, daa det helder ikkje er tvo meiningar um Blix; og daa alle desse andre vert lesne, det av dei, som eig livskraft i seg.
Eg ser, mange harmar seg over, at Garborg kallar dette rixmaalsstyret for «framandstyret», og desse dansk-skrivande for «framande». Paa same tid veit dei mest ikkje kor dei skal spotta det norske maalet. Maa so ikkje folk tru, at Garborg hev rett? Kan andre en framande setja si ære i aa ingen ting vita um norskt maal? Kan andre en fra­mande leggja seg i selen for aa tyna noko so heimvakse og noko so gamalt i landet som vaart norske maal? Maa ein ikkje tru, at desse folk ikkje berre er danske i maal, men ogso danske i ætt naar dei av all si magt vil halda daneveldet uppe – til bate aaleine for danske forleggjarar?
Eg synest mang ein gong det er laakt at det skal vera so. Um dei ikkje kan vera med oss, so burde dei iminsto la vera aa strida imot oss, so det fekk veksa sin naturlege vokster det som no vil fram. Ja eg synest, at um ein ikkje sjølv er maalmann, so burde ein likevel kunne gleda seg væl so mykje over ei bok paa norsk som over ei bok paa dansk. Inst inne vil me daa like­vel alle saman, at det norske skal vinna.
Undrast likevel paa, um ikkje den dagen no snart er nær, daa alle jøklar og isflak losnar og ramlar til avgrunns? Vil klaken lenge kunne staa seg mot ein norsk flaum som den me ser paa bokbordet iaar?
 

Frå Den 17de Mai. 19. november 1904. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006