1906 Norsk stil til studenteksamen

Marius Hægstad

Av Marius Hægstad

Høgvyrde innbjodarar og utsendingar.
     Dette møtet er tilstemnt til samraading um kva me maalmenner no bør krevja at riksmagterne skal gjera for det norske maal, og nokre av innbjodarane - styret i Det Norske Samlaget og Maalkassa - hev bede meg aa gjera ei innleiding til raadleggingi.
     Det vil daa høva i ei stutt yversyn aa draga fram i minnet det som storting og riksstyring fyrr hev gjort for denne saka paa den umkverven som her alltid vil vera den viktugaste, vaare skuleloger.
     Den fyrste gongen maalspursmaalet for aalvor var uppe i stortinget var i 1878, daa det etter eit ordskifte i tvo møte samrøystes vart vedteke aa beda riksstyret syrgja for at det kom inn i undervisningsplanarne, at «undervisningen i almueskolen skulde meddeles paa barnets talesprog, saavidt mulig».
     Dette vedtaket hev havt mykje aa segja for talemaalet i skularne og hev ogso vakt mange til ettertanke um sjølve maalsaki, men som bokmaal eller skriftmaal var norsken like ille stelt.
     I 1885 hadde saki arbeidt seg so langt fram i folkemeininga at det vart fleire lange ordskifte um dette emne i stortinget. Og den 12te mai 1885 vedtok stortinget med 78 røyster mot 31: «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden forføining til at det norske folkesprog som skole- og officielt sprog sidestilles med vort almindelige skrift- og bogsprog».
     Kyrkjestatsraaden - Elias Blix - gjekk i same møte med paa dette vedtaket paa den sverdrupske regjering sine vegner.
     Dette var det fyrste stig riksmagterne gjorde til aa reisa uppatter det norske maal i bok og skrift. Dei tvo maal skulde verta jamstelte, soleis at det skulde staa fritt for kvar og ein aa nytta det eine eller andre til offentlegt bruk. Sameleis skulde dei tvo maal vera jamstelte i skulelogerne, som i slutten av 80-aari var i umarbeiding.
     I 1891 kom daa ogso landsmaalsparagrafen inn i folkeskulelogi. Denne paragrafen jamsteller landsmaalet med det vanlege bokmaal i alle folkeskular, og er so kjend at det trengst ikkje her aa lesa han upp.
     I 1902 kom den nye logi for lærarskularne, ogso her er landsmaalet jamstelt med  «bokmaalet», munnleg og skriftleg.
     Dermed hev riksmagterne gjeve dei tvo maal same retten heilt til topps i folkeskulen, so det paa denne sida for det fyrste ikkje synest vera anna aa krevja enn at styringi hev tilsyn og umsut med at logerne vert haldne. Det er ein kjend ting, at i lang tid hev mange skular i by og bygd vore mykje likesæle med logi, so dei ikkje hev lært borni aa lesa landsmaal, naar skulestyret hadde valt «bokmaalet» til undervisningsmaal. Men dette held no paa aa retta seg, etter departementet hev mint skulestyri um sin skyldnad.
     Heilt upp annarleis er det i den høgre skulen, millomskulen (ell middelskulen) og gymnasi og ved universitetet.
     Millomskulen og gymnaset - som er dei eg no vil tala um, fekk ei ny log i 1896.
     Logi um «norsk» i millomskulen krev:
     «At eleverne læser tydelig og udtryksfuldt saavel landsmaalet som det almindelige bogmaal, kan gjøre rede for udvalgte stykker af litteraturen i begge maal samt med orden og tydelighed i sprogrigtig form skriftlig kan behandle en lettere opgave.»
     Som ein ser er dei tvo maal ogso her heilt jamstelte i sjølve logteksti, ja landsmaalet fær endaa den æra aa vera nemnt fyrst. Men undervisningsplanen og endaa meir gamall vane og misbruk hev teke magti fraa logi i desse skularne.
     Undervisningsplanen er forunderleg paa dette punkt. Soleis segjer han: «For læsning i landsmaal er i loven sat det samme maal for læsning i det almindelige bogmaal - - ». Dette er sant nok, og ein skulde daa tru at dei i alle fall i byarne maatte lesa heller mykje landsmaal i millomskulen til aa naa det maal som i logi er sett. Men det meiner ikkje planen. Tvertum segjer han: «Af et godkjent udvalg gjøres der ved examen rede for et pensum paa mindst 80 sider, hvoraf ikke mindre end 20 sider af landsmaalslitteraturen.» Etter dette siste kunde ein mesta tru at dei held landsmaalet for aa vera so lett, at naar elevarne berre fær 20 sider av det, so hev dei naatt same maal her som i «bokmaalet». For meir enn dei stakars 20 sidorne vert det visst ikkje lese i millomskular, medan det er sjølvsagt at av bokmaalet les dei mykje meir enn dei 60 sidor som dei legg upp til eksamen, [umframt] at alle skulebøkerne og all munnleg lærdom er paa same maal.
     Um skriftlege øvingar paa landsmaal eller grundig kunnskap um korleis landsmaalet er bygt, er der i dei aller fleste millomskular no ikkje tale. Paa dei fleste stader er vel heller ikkje talemaalet fritt i desse skularne. Planen segjer: «agtpaagivenhed ligeoverfor elevernes tale vil være en nødvendig betingelse for at opnaa ren og naturlig læsning -» og «inden den enkelte skole bør man blive enig om en ensartet fremgangsmaade, og det saaledes vedtagne bør alle lærere kjende og respektere under sit arbeide for at vænne disciplene til korrekt tale». Samstundes viser dei til det «dannede talesprog».
     Det er sjølvsagt at i denne skulen med all den upptemjing og uppskuling der er i «riksmaal», maa landsmaalet for deim som kjem fraa heimar eller folkeskular, som er bygde paa heilnorsk grunn, verta utskjemt. Hev det so likevel hendt - trass i alt dette maaltyningsarbeid - at ein slik gut hev vunne aa halda uppe sitt eige maal og vaaga seg til aa skriva den norske uppgaava til avgangseksamen paa landsmaal, hev det vore eit uppstyr og eit braak med vringling og protestering fraa censurkomiteen, klagemaal fraa foreldri og andre, og ei telegrafering att og fram med kyrkjedepartementet som um det var eit brotsverk som var gjort, og ikkje berre det, at ein norsk gut i ein norsk millomskule hev skrive den norske stilen paa norsk maal.
     Slike er vilkaari no i millomskulen for landsmaalet. Reknar me at denne skulen i det heile hev umkr. 600 norsktimar, og at dei brukar 1 time paa kvar sida av landsmaalslesnaden, so hev nynorsken 20 timar i denne skulen og norsk-dansken 580 timar, umfram heile læretidi elles.
     Kor lukkeleg vilde ikkje det norske maalet vera um det berre fekk sitja jamsides med tysken i den norske millomskulen. Han hev rett baade til aa tala og skriva.
     Lat oss sjaa korleis tilstandet er i gymnaset, som skal byggja høgre upp paa grunnlaget, som elevarne hev fenge i millomskulen.
     Den nye skulelogi fraa 1896 set upp som maal for lærnaden i «norsk»:
     «At eleverne har gjennemgaaet og kan forklare et udvalg af den paa oldnorsk, landsmaalet og det almindelige bogmaal skrevne litteratur, i forbindelse hermed har erhvervet kjendskab til vort sprogs historiske udvikling og kjender litteraturens historie i dens hovedtræk samt paa en med hensyn til indhold og form tilfredsstillende maade skriftlig kan behandle opgaver passende for deres alder og udvikling. De skriftlige opgaver kan affattes saavel paa landsmaalet som paa det almindelige bogmaal, dog skal eleverne gives fornøden øvelse i skriftlig brug af det almindelige bokmaal. Paa den sproglig-historiske linie skal være gjennemgaaet et omtrent dobbelt saa stort udvalg af den oldnorske litteratur som realliniens samt et udvalg af fremmed litteratur i oversættelse.»
     Det nye i denne logi er millom anna at landsmaalet fekk rom i gymnaset, og her som i logi for millomskulen vert det endaa nemnt fyrst i upprekningi.
     Her er der ogso med greide ord sagt at elevarne kann skriva uppgaavorne paa landsmaal. Men med dette er det so mykje vanskar og krokar, som eg sidan skal visa, at vegen for dei aller fleste er stengd. Skriv dei baae uppgaavorne paa landsmaal, maa dei dessutan hava vitnesburd fraa ein skule, at dei hev «fornøden øvelse i skriftlig brug af det almindelige bogmaal». Derimot treng dei ikkje slik vitnesburd for landsmaalet sin part, um dei skriv baae uppgaavorne paa «bokmaal».
     I denne skulen er soleis jamstellingi ikkje eingong haldi uppe i formi.
     Likevel var det mange av oss som gledde seg til at det skulde verta betre dagar for nynorsken ogso i gymnasi etter den nye skulelog. Men dei som stelte med gjennomføringi, visste aa laga det so at gleda vart stutt.
     Motstandarane av landsmaalet, som vart nedrøysta i stortinget, fekk sin mun att i undervisningsplanen og reglementet, som er gjort soleis at det mesta er snutt upp ned paa den meining som fleirtalet i stortinget hadde.
     I reallina og latinlina er der no umkr. 500 norsktimar, dei kallar, i den spraakleg historiske lina umkr. 570. Av desse fær gamalnorsk og landsmaal tilsaman umkr. 88 timar, medan det vanlege bokmaal fær 400-500 timar. Og der er all grunn til aa tru at landsmaalet paa mange gymnas hev eit mykje mindre timetal enn det er sett i planen.
     Det segjer seg sjølv at det hev vore logi si meining at sjølve norsken - gamalnorsk og landsmaal - skulde faa ein større sess i den høgre skulen enn han hadde fyrr, men undervisningsplanen hev laga det so at desse tvo norske læreemne tilsaman hev mindre timetal no enn gamalnorsken ei tid hadde aaleine. Og likevel er der no i det heile 80 a 150 timar meir til norsken enn etter den eldre skulelogi av 1885. Kva hev dei daa gjort med alle desse nye timarne? Dei hev lagt deim til «bokmaalet».
     Og ikkje nok med dette, men planen er bygd paa ein slik maate at det er mest uraad aa kontrollera arbeidet med landsmaalet. Soleis segjer planen: «man vil rigtigst kunne bestemme et vist aarligt timetall og overlade til læreren at medtage oldnorsk og landsmaal, naar det synes bedst at passe.» Paa denne maaten slepp dei setja upp landsmaalet paa timetavla og det ligg i henderne paa den einskilde lærar etter hans eige sjølvtykkje aa taka landsmaal, naar han vil. Men so kjem eksamen, segjer du, og det vil visa seg um eleven kann noko eller ikkje. Men for dette veit reglementet god raad, for der stend i § 9 um prøva i norsk i millomskulen bl. a.: «Man lader examinaden læse av et eller et par stykker af dette pensum etc.» Les han daa upp eit stykke paa bokmaal, kann ingen koma deim nær.
     Upplæring i det aa skriva landsmaal hev eg ikkje høyrt at der er ved noko gymnas, og i alle fall er det sjeldsynt vara. Planen segjer m.a. um dette: «det forudsettes, at i regelen ingen indlader sig paa disse øvelser, medmindre et bygdemaal er hans barndomssprog.» - Derimot stend der ikkje noko um at ingen bør innlata seg paa aa skriva «bokmaalet» minder han hev eit «bymaal til barndomsmaal».
     Det heile timetal som landsmaalet hev i alle klassor tilsaman i gymnaset er etter undervisningsplanen 45. Men det er ikkje etter planen meiningi, at ein skal bruka alle desse til aa verta kunnig i sjølve landsmaalet. Nei, etter denne same plan skal lærarane i desse timarne ogso gjeva elevarne yversyn yver «landets nuværende sprogtilstande», og um dette kann det vera mykje aa segja, serleg for ein lærar som legg vegt paa at elevarne hev den eine «rette» meining um dette. So skal elevarne etter planen lesa bygdemaalsprøver og kunna paavisa «de vigtigaste skjelnemerker mellem bymaal og landsmaal samt mellem bygdemaalernes hovedgrene indbyrdes». Og so dess umfram faa «en kort oversigt over vort sprogs udvikling».
     Av dei 400-500 norsk-danske timar er det sjølvgjeve at dei ikkje hev raad til aa overlata tid til noko av dette. Det maa gaa av dei fatige 45 landsmaalstimar.
     Med sperra trykk segjer planen med greide ord: «Grammatik benyttes ikke,» korkje i gamalnorsk eller landsmaal. I alle dei andre maal hev dei grammatik i den høgre skule. I middelskulen tek dei til med grammatik etter lærebok alt fraa guten kjem inn i 1ste klassa, og driv paa heile tidi til han gjeng ut or skulen, so dei er ferduge med den ting, fyrr dei kjem i gymnaset. I tysk og engelsk «fortsætter den grammatiske undervisning», i fransk sameleis. Berre i gamalnorsk og nynorsk er grammatik utestengd.
     Kva slags lærnad det vert i landsmaal og gamalnorsk utan grammatik, serleg i gamalnorsk, som er eit formrikt maal, treng ikkje paavisning. Det vert halvgjort arbeid eller fusk, og det er eit spursmaal, um det pædagogisk set ikkje er verre enn inkje, i alle fall i skular der dei ikkje hev framifraa vituge og dugelege lærarar, som kanskje sjølve kann retta paa mishøvet.
     Og kva vyrdnad skal elevarne faa for desse tvo maal, som det ikkje eingong er umaken verdt aa lesa grammatik i? Slike er vilkaari for det norske maal i den høgre skule. Det som stortinget hev sett i høgsæte i logi, det hev undervisningsplanen sett i skamkroken. Og dansken som me helder skulde minka paa, hev ikkje berre det same rom som fyrr, men hev ogso fenge mesteparten av det nye rom som var etla til norsken.
     Fylgja av dette er daa ogso den, at studentarne ofte kjem til universitetet utan noko slag greid kunnskap i gamalnorsk og landsmaal. Stundom er dei reint fortulla, ein student bar seg soleis mykje for det at han hadde lese so lite av «maalsproget» i gymnaset. Og dei studentar som skal studera maal lenger fram, hev ikkje noko skaplegt grunnlag i det dei fyrr hev lært.
     Eg vil gjerne at ingen skal mistyda mi skildring, og eg vil difor understrika dette, at det er undervisningsplanen som er mest skuld i tilstandet, og korkje logi eller lærarane, um det endaa visst ikkje er so faa lærarar som er lite norsklynde i maalvegen og som difor gjer so lite dei kann for norsken.
     Som lærar ved universitetet i landsmaal hev eg tilføre til aa verta kjend med desse ting, og eg hev ogso alt i 1900 sendt ei utgreiding til kyrkjedepartementet med ein kritik yver undervisningsplanen, men utan nokon verknad.
     I den utgreidingi meiner eg tydeleg aa ha paavist at undervisningsplanen med umsyn paa norsk og dansk i den høgre skulen hev snutt upp ned paa logi.
     Etter dette eit par ord um tilstandet ved universitetet. Eg vil daa segja at personleg som lærar i landsmaal hev eg ingen ting aa klaga yver. Eg hev fullt og fritt raavelde innanfor mitt embætte og brukar utan hinder norsk maal munnleg og skriftleg, paa katheder og ved eksamensbord, ved universitetet og i vitskapssellskapet. Det er ogso mi røynsla - i alle fall i det historisk-filosofiske fakultetet, som eg høyrer til og som er det talrikaste - at maalmannen og vitskapsmannen fær heilt upp same retten, naar det gjeld vitskapen, t.d. i stipendiespursmaal. Dei fer daa ikkje etter anna enn evnor og dugleik.
     Men i sume andre maatar er det ikkje som eg tykkjer det burde vera.
     Soleis fær kandidatane ikkje lov til aa skriva uppgaavorne paa landsmaal utanfor den som dei skriv til meg, og som maa vera paa det maal. Der er endaa ei fyresegn um at uppgaavorne skal vera skrivne paa det maal som dei er gjevne paa. Dette, som bør so vera, naar det gjeld prøvor, der kandidaten skal syna at han kann skriva eit visst maal, (t.d. tysk, fransk) hev dei ogso gjort gjeldande for uppgaavor der det ikkje spørst um aa leggja slik kunnskap for dagen, t.d. boksoga, vanleg soga, landkunna og gamalnorsk. Tvo kandidatar som i 1904 var uppe til embættseksamen i gruppa «historie og geografi» sende inn søknad um aa faa skriva uppgaavorne paa landsmaal, for di dette fall deim lettast aa bruka, men dei fekk berre det svaret at uppgaavorne skulde dei skriva paa det maal som dei vart gjevne i. Kandidatane sende daa paa nytt lag ein søknad og bad um at uppgaavorne maatte verta gjevne i landsmaals form. Men paa dette fekk dei det svaret, at professorane ikkje saag seg «i stand til imødekomme andragendet». So laut dei skriva paa dansk.
     For ei tid sidan hev 150 studentar søkt um rett til aa bruka landsmaalet ved embætseksamen. Denne søknaden skal universitetet no segja sin meining um. Kor det gjeng veit eg ikkje. Men det finst professorarar som orsakar seg med at dei kann ikkje lesa landsmaalet (!).
     Det er eit tidarteikn at kravet no alt kann vera so sterkt ved universitet, trass i alle dei hindringar som vert lagde i vegen for norsken fraa den fyrste timen barnet set seg paa benken i millomskulen og til den vaksne mannen skriv si uppgaava til embætseksamen.
     Kor reint annarleis vilde ikkje tilstandet vera, um norsken fekk hjelp og studnad heile denne vegen i staden for hindringar av alle slag? Eg tvilar ikkje paa at me daa snart skulde naa fram til fullt sjølvstende ogso i bokmaalsvegen.
     Og no meiner eg at tidi er komi til aa krevja eit umskifte i maaltilstandet i den høgre skulen, ein revisjon eller umarbeiding av log og undervisningsplan, som kann føra fram vaart eige maal til full jamstelling med dansken i den høgre skulen, som det alt er gjort i folkeskulen.
     Alle grunnar talar for dette.
     Ser me utyver landet, so er dei ikkje so rett smaa dei flokkar som alt no i folkeskulen fær full upplæring paa landsmaal. Desse flokkarne aukar med kvart skuleaar som lid og med kvar ny skulekrins som tek i bruk sitt eige maal til undervisningsmaal. Men so snart nokon fraa desse flokkarne skal inn i den høgre skulen, fær han ein knekk, eit brot i sin vokster, for han maa paa alle punktar umsetja seg sjølv til eit anna maal. Den høgre skulen byggjer paa ein annan grunn, som er framand for honom. Det skal mykje til aa verta heilvaksen paa denne maaten, og endaa meir til aa verta jamvaksen, og landsguten fær mange vanskar aa dragast med, som byguten ikkje kjenner. Eg spør det norske landsfolk, um det ikkje skulde vera tid no aa retta paa dette, so vilkaari vart meir eins for landsgutar og bygutar i dei høgre skular.
     Lat oss sjaa vidare utyver landet. I dei fleste ungdomsskular byggjer dei no morsmaalslærnaden paa landsmaal, og naar me tek undan nokre amtsskular her paa austlandet, hev dei vel paa alle ungdomsskular no tilføre til aa læra aa skriva landsmaal. Desse skularne hev alt verka so lenge at mange av elevarne er vaksne og komne ut i livet. Dei held daa fram med aa skriva sitt eige maal, nynorsk, som dei hev lært. So skriv dei til presten, han mislikar det, og stundom segjer han at han ikkje skynar det. Dei sender dokument paa norsk maal til skrivaren til tinglesing: han sender dokumentet attende, og um han ikkje tverneittar aa tinglysa, bed han i alle fall um aa faa dokumentet «oversat paa et sprog, som han forstaar», for norsk hev den lærde norske embætsmann ikkje lært. Det hev endaa hendt at ein skrivar som endeleg hadde tinglyst eit slikt dokument, baketter skreiv til den som hadde kravt det, at han ikkje kunde borga for at domumentet vart korrekt avskrive i protokollen, for det var ikkje nokon ved kontoret som kunde dette maalet. So kjem det bygdefolk til skrivaren og bed um aa faa skrive ei kontrakt eller ei skjøyta, men dei vil hava det paa sitt eige maal, han svarar at det kann han ikkje. Og kor mange flokar og mistydingar er der ikkje paa forhøyri umkring i landet, for di skrivaren og vitni ikkje skynar kvarandre? Eg trur at den som vilde samla slike sogor, skulde kunna faa fyllt ei diger bok.
     Det vert eit prestekall ledigt. Kyrkjelyden skriv til kyrkjestyret og bed um aa faa ein prest som kann landsmaalet, ikkje berre for di dei ynskjer aa høyra preika paa det maalet, men for di dei kjem den presten nærmare som kann deira eige maal. Og so hev dei teke i bruk sitt eige maal i folkeskulen og hev alle religionsbøker paa landsmaal: katekisma, forklaaring, salmar, bibelsoga, og kjem det daa ein prest som ikkje kann landsmaal, so spør han og legg ut paa dansk, og borni som hev fenge all lærdomen paa norsk, vert fortulla og veit ikkje kva dei skal svara. Det vert ei kluft millom kyrkjelyden og presten. Men bøni til kyrkjestyret nyttar lite, so lenge det ikkje er grundig lærnad aa faa i norsk i den høgre skulen eller ved den theologiske embætseksamen.
     Eg kunde halda paa soleis lenge. Paa alle kantar møter me krangl og vringling og murring fraa offentlege tenestemenner, som ikkje hev lært norsk maal, endaa paa posthusi og telegrafkontori kann ein høyra um slikt. Sameleis i det militære. Ein høgre militær sende nyst attende eit lite brev paa kringum 4 uskyldige linor paa landsmaal, han forstod ikkje det maalet.
     Og dette vert verre og verre for kvar tid, ettersom nynorsken vert meir og meir dyrka og fær eit større tilfang av ord, som ein lyt læra um han skal kunna skyna deim, og etter som det vert fleire og fleire folk som tek i bruk vaart eige maal. Enno er det paa ein maate verst for folket. Men det vil ikkje vera lenge, fyrr det vert verst for embætsmannen, skal det gaa som no det gjeng. Folket vert modigare og modigare, di fleire dei vert som hev lært aa skriva sitt maal, og di sterkare maalsansen vert. Og vert det ikkje stelt so at embætsmennerne fær læra grundigt norsk, kann dei koma til aa verta skikkeleg brydde, naar dei kjem ut i bygderne.
     Alt no kann me daa ogso høyra embætsfolk som klagar seg for det at dei ikkje hev lært landsmaal. Endaa offentleg er slik klage frambori.
     Kravet um at embætsmennerne maa vera kunnige i norsk maal er soleis alt no so sterkt, at det lyt eit umskifte til av reint praktiske grunnar.
     Men der er ogso andre grunnar til aa krevja eit umskifte i den høgre skulen, og som ikkje veg mindre enn desse.
     Ungdomen i den høgre skulen bør ikkje lenger staa utanfor paaverknaden av dei rike kulturemne som ligg gøymde i vaar eigen nasjonale folkedikting paa folket sitt eige maal med røter so gamle som folket sjølv i dette landet. Heller ikkje utanfor den unge friske nynorske bokheimen som er bygd paa det same heimlege grunnlaget, og som stendigt veks. Alt no hev landsmaalet samla um seg mesta alle yngre forfattarar av bondeætt, og bokriket eig so mykje godt at dei endaa i grannelandet les utval av det paa ungdomsskularne, i Danmark ogso i den høgre skulen. Det maa vera høvelegare og rettare at dei norske millomskular les nynorske forfattarar og norske folkevisor, enn at dei les Øhlenschlæger og danske folkevisor.
     Og endaa eitt. Me hev teke burt dei klassiske maal latin og gresk fraa den høgre skulen. Ute i verdi tykkjer mange dette var vaagsamt gjort, for dei fleste er einige um at det latinske maalstudium er eit framifraa daningsmidel, og sume held det endaa for umissande for den høgre uppseding. Naar me likevel tok det burt, var det mest for di det tok so mykje tid fraa andre læreemne, som ungdomen i vaar tid hev rettkome krav paa aa faa kunnskap um, og for di me sjølv hev eit gamalt, formrikt og heilstøypt maal i gamalnorsken med ein bokheim rik paa egte folkeleg dikting. Det maalet kunde i mange maatar fylla ut den uppgaava latinen hadde og dessutan reinsa og styrkja folkehugen og auka elsken til heimlandet, samstundes med at dette studium vil krevja mykje mindre tid enn latinen, for di gamalnorsken ligg oss so nær.
     Men korleis hev me stelt med dette? I staden for at gamalnorsken - naar latinen var avteken - skulde havt eit mykje større rom i den høgre skulen enn fyrr, hev me gjort romet mindre. Elevarne fær ikkje eingong greida paa korleis det maalet er bygt.
     Det var paa høg tid at ein av vaare fremste politikarar for nokre dager sidan ropar ut i stortinget at gamalnorsk er det ypparste daningsmidel me hev. - Ja, tingen er den, at i gamalnorsken hev me røterne til det norske maal og i den gamalnorske bokheimen hev me røterne til det norske folk si soga. I desse røter hev me grunnlaget for dei tvo store hovudemne for all aalmenn moderne daning: morsmaalet og soga. Men daa maa me ogso i den høgre skulen taka gamalnorsken i samanheng med det, som han er roti til, det vil segja det norske folkemaal, nynorsken, og ikkje som eit framandt maal utan samanheng med livet.
     Men korleis hev dei teke det? Paa sume gymnas hev ikkje elevarne eingong fenge lov til aa lesa høgt upp gamalnorsken, dei skulde umsetja til dansk med eingong.
     Eg meiner soleis at alle grunnar talar for ein umskipnad av skulelogi for dei høgre skularne med umsyn paa norsklærnaden: praktiske grunnar, pædagogiske og nasjonale. Heile vaar vokster vert skakk og skeiv paa denne kanten, um me skal halda fram i same stemna som no.
     Den høgre skulen maa fylgja med tidi paa dette umkvervet um ikkje dei viktugaste aandelege livsorgan i folket skal verta endaa meir kløyvt.
     Her er endaa eit lite døme paa kor meiningslaus skipnaden no kann vera. Paa lærarskularne er dei tvo maal jamstelte, og alle elevar lærer aa skriva baae maal. Men studentar som kjem inn paa lærarskulen er fritekne for norsk - dei hev sin eksamen ved universitetet i dette læreemne - og med di dei ikkje hev lært aa skriva landsmaal i den høgre skulen, kjem desse elevar til aa gaa ut som lærarar i folkeskulen utan den kunnskap som logi elles krev.
     Det er den høgre skulen som hev aa gjeva den største upplysning i landet. Fraa den gjeng studenten inn paa universitetet, og sidan ber det ut paa mange vegar. Mange gjeng inn i andre skular: tekniske skular, krigsskulen o.fl., mange vert embætsmenner, sume vitskapsmenner. Naar dei so kjem ut i livet, fær dei fleste av deim mykje aa segja i dei krinsar dei liver og arbeider i. Dei vert sedde upp til, og folk høyrer mykje etter kva dei segjer og meiner. Dei fleste fyregangsmenner i vitskap og lærdom, kyrkjeleg og verdsleg, kjem fraa desse flokkarne, mange av dei politiske ogso. Det skulde daa ikkje trengast aa paavisa, kor vigtugt det er at desse flokkarne hev lært aa kjenna og vyrda og elska det som er vaar dyraste eigedom, den nedervde gode kultur og det nedervde norske maal, som ingen i verdi kann strida med oss um at det er vaart eige.
     Det er daa berre paa slikt grunnlag at ein nasjon kann naa so langt fram som det er evnor i nasjonen til aa naa. Men daa er det ogso eit rettkome krav at den høgre skulen maa vera bygd paa dette grunnlaget.
     Dette er so vigtugt for heile vaart folk sin aandelege vokster, at eg veit ikkje noko som i denne samanheng er vigtugare.
     Av dei mange krav som offentleg er framhaldne fraa maalmenner og som venteleg ogso vil koma upp paa dette møte til ordskifte, meiner eg difor at dette er det vigtugaste, at den høgre skulen vert umskipa. Og som ei praktisk einskild form for dette kravet vil eg leggja fram eit utkast til vedtak som er uppsett i samraad med nokre av dei fremste maalmenner og som lyder:
     Til aa føra lenger fram jamstellingi av landsmaal og det vanlege bokmaal i den høgre skulen krev møtet, at det vert skriftleg prøva i landsmaal til studenteksamen.
     Det segjer seg sjølv at riksmagterne gjer dette paa den maaten, at norskundervisningi baade i millomskulen og i gymnaset vert umskipa, so dei tek til aa skriva landsmaal alt i millomskulen med ei lett prøva til avgangseksamen. Sameleis meiner eg at det segjer seg sjølv at i den millomtidi som vil gaa fyrr dei fyrste flokkarne etter den nye skipnaden naar fram til artium, bør alle som gjeng upp til embætseksamen, serleg theologar og juristar, hava ei tilleggsprøva i nynorsk.
                                            * 
Landet vaart er no paa nytt lag sjølvstendigt og fritt i den politiske vegen. I so maate hev me etter mange tap og mykje liding vunne heim atter til det ærefulle rom millom folki som me hadde den tid me reknar for den lukkelegaste i vaar soga. No stend det att aa veksa fram til sjølvstende i bokvegen og maalvegen.
     Gledelegt var det aa sjaa at Hamarmøtet sette upp paa programmet sitt atterreising av det norske maal.
     Maalmennerne er ikkje noko politisk parti. Det er som nordmenner me set upp kravi vaare. Elles eig me heime i alle parti. Det som me daa her vert samde um, vil kvar innanfor sitt parti arbeida for. Me veit det gjeld ei sak som med full rett hev vorte kalla den største folkesak i vaart land.


Hovudinnleiing paa skipingsmøtet i Noregs Maallag, 1906. Fraa Den 17de Mai, 6.2.1906. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006