1906 Sjølvstendet og det norske målet

Jørgen Løvland

Jørgen Løvland:
Sjølvstendet og det norske målet
 
No me hev vunne den fulle politiske fridomen, må me ikkje gløyma: Den politiske fridomen er ikkje den djupaste og største. Større er det, at eit folk kann halda uppe sin åndelege arv i tungemålet. Målet er, um ein vil, den lekamen, nationen si ånd liver i. Drep målet, og nationen døyr. Det veit alle landvinnarar og hardstyrarar, difyr strævar dei med å drepa målet til dei nationarne, som stend i vegen fyr dei. Det danske styret gjorde alt til å trengja undan det norske målet i Norig. «Der gives ingen nordmænd mere, vi er allesammen borgere af den danske stat,» sa riksstyrar Guldberg, han med salmeboki. Det var programmet. Me kann sjå på Nordslesvik, på Polen og på Finnland. I Finnland hev svenskarne stræva i lange tider, med same lukka som danskarne i Norig, med å gjera folket svenskt, no kjem Russland og vil gjera det russisk i målet og.
Ein gong trudde fridomsmennerne, at «målet, det var nationen». (La langue, c'est la nation.) Det var yverdrive, av di det høyrer meir med til nationen. Men det var sant på den måten, at målet er det centrale, hovudsaki fyr ein nation. Tak burt den politiske fridomen, legg landet under utlendsk styre og lov, men lat det ha att målet sitt i heimen, i kyrkja, i skulen, i retten og i bøker, – nationen liver enno og kann vinna att sjølvstendet. Men driv ut morsmålet og gjev det målet frå grannefolket, – det kann vinna politisk fridom og magt, men det vert då åndeleg, i tanke og tale, eit stykke av eit anna folk. Er det nybyggjarar frå eit anna land, som islendingarne frå Norig og amerikanarane frå England, Spania og Portugal, so tek dei med heimemålet sitt. Men endå vil det med tidi gå so, at etter hand som det veks fram i det nye landslaget og det nye livet, i andre hugmål og eit anna liv, so vil det gjeva målet ein annan lit og eit anna lag og avvik i mange ting frå målet i det gamle heimlandet.
Men når eit folk hev sitt tungemål, um det er nokso mange bygdemål i det, men det er det målet, som folket hev ått og ervt so langt det er soge og segn til, og ein då driv ut dette målet og set eit anna i staden, – då gjer ein dette folket um til nybyggjarar, riv det laust frå heim og arv og set det til å liva i ein ny utlendsk ham. Med tidi kann det venja seg til denne hamen og kanskje laga på han, so han etter kvart kjem til å skilja seg noko frå hamen i det landet han hev kome frå. Men den rette klædnaden vert det ikkje.
Det er denne utlendske hamen, dei i lange tider hev stræva å gjeva oss. Der hev det norske folket livt med sitt mål frå so langt me veit, og målet hev vakse med folket. Men dei vil, at me skal leggja det av, læra oss til å bruka det innførde danske målet, som då etter hand skal tøygjast og laga seg etter norsk liv og krav, – plent som me var eit folk av danske kolonistar i Norig. Er det då ikkje fårlegare, at me brukar det norske målet, og treng me å taka med noko dansk, so tek me det inn i norsken og set norsk lit og lag på det? So hev angelsaksarne gjort i stor stil med fransken, som normannarne kom til England med. Det er ikkje fyr det, at eg trur me treng nokor hjelp av dansken. Men um so er, so er det lett å bruka han. Og so lengje det er tvo mål i landet, vil det lett koma noko blanding fyr oss, som veks upp med båe mali. Men det norske må vera grunnlaget, som bind oss til federne og til livet i landet.
I alle land hev reisingi i folket til full nationalkjensle og kulturarbeid synt seg i reising av morsmålet. So var det i Norig, då Eddakvadi og skaldediktingi, politik og lovgjeving, sogesegjing og sogeskriving reiste vårt norrøne mål til å bera vår gamle kultur. So var det i Italia, då Dante i 1300-talet av tolv bygdemål, som han sjølv segjer, reiste Italiamålet. So vart det då dei i England etter det fransknormanniske målet reiste det engelske, og so var det i Sverik, då Gustav Wasa og reformatorarne fekk uppatt det svenske målet, og like eins i Danmark, då den nye lovgjevingi, reformationsprestarne og salmediktararne og til slutt Holberg i det 16de til 18de hundradåret fekk det danske målet i høgsætet. Difyr ser me no i alle land, der nedkua folk reiser seg, der gjeng dei fram i sitt eige mål. Magjararne og kroatarne i Ungarn, tsjekarne i Bøhmen, flamlendingarne i Belgia, keltarne i Wales, finnarne i Finnland, – og nordmennerne i Norig.
Det store Russland hev lagt under seg 142 folkeslag. Det er meir enn kong Ahasverus, som etter Esters bok rådde yver 127 land. Men det er reint syndlegt som russame hatar og hyddar folkemåli: i Litauen, i Polen og andre stader. Mot dette hardstyre, ser me, at desse folki set eit seigt motstand, og enno held dei uppe sine eigne mål, endå dei vert utestengde på mange måtar til offentlegt bruk.
Eit av dei underkua folki er rutenarne eller sudrussarne, som jamleg vert nemnde gale med namnet «litlerussar» Dei er på lag 25 miljonar eller helvti i tal mot storrussarne eller moskovitarne. Dei hev ein gamall kultur og ein rik bokavl, av alle diktarane deira er kanskje Sjevtsjenko mest kjend i utlandet. I 1876 fastsette tsaren, at no måtte dei ikkje prenta blad, trudomsbøker eller frelstykke, men berre historiske brevskap og romanar på rutenisk. Bibelen på rutenisk og andre ruteniske bøker slepp ikkje inn i landet.
No bur det vel 3 miljonar rutenarar i Galisia i Austrike og ½ miljon i Ungarn. I Austrike gjev dei millom anna ut ei tidsskrift kvar f jortandagsdag,«Rutenisk Revue»,i det tyske målet skal den gjera Vesteuropa kjend med rutenarane sin målstrid. Dette bladet hev i år sendt rundt til kjende menner spursmål um, kva dei tykkjer um tsarlovi (ukasen) av 1876 mot målet deira. Svari stend i revuen, og eg skal taka med eit ordrag or nokre av dei.
Bjørnstjerne Bjørnson«vil stå jamsides med dei, som reiser motmæle». Lovbodet av 1876 meiner han, at alle rettvise menn og kvende «held fyr det dummaste som nokon hev høyrt gjete i åndslivet».
ProfessarSergii Rom: «Å verja sitt eige mål, det er å verja si eigi sjæl og dermed det nationale livet». – «Eit framandt påtvinga mål er som ei pånsydd rørsle, som ikkje vert sett i gang innantil og ikkje gjeng ut frå den menneskjelege viljen; difyr vanskaper og rengjer det sjæli». – «Rutenarne krev berre det, som naturi hev gjeve dei, dei krev retten til å bera fram det indre livet på ein naturleg måte, – det er retten til å bruka sitt eige mål. Ingi magt hev lov til å gjeva eller taka ein slik rett, likeso visst som ingen hev lov til å umskapa folkesjæli på ein unaturleg måte.»
ProfessorHasfeii Leipzig: «Frå den nationale synsstad eg stend på, må eg døma slike skipnader på det hardaste.»
ProfessorBucholzi Leipzig: «Til slutt er det ibearne, som vinn, og ikkje dei ytre skipnader.»
RiksdagsmannAdolf Hedin: «Målet er folket sitt andedrag. Å kjøva det frie livet fyr ein nationalitet, det er å røva frå civilisationen ei framgangskraft, som ikkje kann koma att.»
ProfessorBrowningi Cambridge: «Eg hev sterk godhug fyr dei folk som talar flamsk (i Belgia), waelsk (i Vestengland), irsk, rumænsk og finsk og vilde gjera alt til å berga måli deira frå å gå under. Det rutenske hev same retten, ja endå sterkare krav på verjemål.»
Johannes Schlaf(Berlin): «Rutenarne strider fyr målet sitt: dei strider fyr si livande sjæl.»
Den svenske riksdagsmannenvon Scheele,bisp yver Gotland: «Mi meining um, kva den keisarlege ukasen av 1876 hev på seg fyr kulturen – med den fulle utestengjing av rutensk bokavl og mål – er den same, som ein møter i heile Europas kulturheim. Målet er det same fyr eit folk som andedraget fyr eit einskilt menneskje. Utan andedrag kann ikkje eit individ liva, og likeeins kann ikkje ein nation liva utan fri og uhindra bruk av mors­målet sitt.
Eg ser fyr mitt åndelege auga dette bilæte: Eg kjem ihug ein gut i landi ved Øystresjøen – han var ikkje russisk – som klaga seg fyr far sin, at han fekk ikkje lov til fritt å bruka målet sitt i skulen. Ugløymande røta seg i sjeli mi dei siste ordi hans: Far, eg vertkjøvd!Han skyna det berre halvt, men den vesle fann nett det rette ordet«kjøvd».Ja,kjøvtvert heile folket. Det åndelege livet døyr, når ein ikkje fær lov å bruka morsmålet.»
ProfessorAnatole Leroy-Beaulieui Paris, som hev gjort eit framifrå bokverk um Russland i 3 band og kjenner landet og folket utifrå vel, segjer: «Eg hev aldri halde upp med å mæla imot den øydeleggjingi, som dei vil føra yver det fagre målet. Eg hev alt i 1877 i den største franske tidsskrifti (Revue des Deux Mondes) peika på den russiske lovi av 1876 og på den harmen, som alle kulturmenneskje må kjenna yver dette ågripet på den heilage retten åt eit folk å bruka fritt morsmålet sitt.»
Eg hev teke med denne målstriden so han kann verta kjend, han er so lik den norske. Rutensk og storrussisk er nærskylde mål liksom norsk og dansk. I Rutenia (Ukraine) lærer dei i skularne berre storrussisk. Når den «officielle statistik» reknar for få rutenarar, so kjem det av di, at dei reknar frå alle dei rutenarar (embætsmann og andre), som må bruka russemålet. Som ein vil sjå hev den nationale målreisinga varm samhug av gode folk i mange land.
Til slutt nokre ord um praktisk målstræv. Eg tek uppatt det eg fyrr hev sagt i Stortinget: Det er no ein gong so, at me hev tvo mål her i landet: Fyrst det norske talemålet med si skriftform, landsmålet. Det er ikkje berre eit mål på landsbygderne. Mengdi av folket i byarne talar og norsk i kvardagslivet, når dei slepper seg til, ikkje berre «almuen», men «borgar­ane» og. Det er ikkje rett å setja by og land mot kvarandre i målet. Ivar Aasen hadde ikkje granska talemålet i byarne, og difyr gjekk han ut frå, at det var innført. Men det er ikkje so: den naturlege livande talen i byarne som i bygderne er norsk. – Det andre målet er det innførde danske skriftmålet, som til heimebruk vert tala av få, men til høgtids og i offenlege saker (i kyrkja, skule og ting) og i bokavlen bruka so mykje meir.
So er det i Norig, og me kann ikkje gjera det um med ytre magt. Båe måli er «riksmål», dei hev same retten; dei er jamstelte. Difyr lyt kvar nordmann kjenna og helst kunna båe måli med full fridom til å bruka det han finn lettast og mest laglegt. Men i skulen må borni læra å skyna dei båe. Mange tykkjer, dette er ugreidt og brysamt. Men det er ikkje råd med det. Når dei i Belgia og Finnland hev tvo og i Sveits tri «riksmål», so lyt me tola det, me og.
Når det soleis er full fridom og jamstelling millom båe mali, so vil livet og utviklingi gjera resten. Kvar lyt då ha si tru um, kva mål utviklingi vil føre til. Dei, som meiner, at danskemålet skal laga seg meir um til eit norskdansk, lyt liva i si tru, men dei lyt tola, at me andre nordmenn hev den faste trui og den visse voni, at det norske målet vil veksa og vinna f ram til å verta det, som det ein gong var:Norigs rette riksmål.
 

Særprent frå Den 17de Mai. 1906. Her frå Olaf Almenningen (red.): Målpolitiske artiklar 1905-1920. Oslo. Noregs Boklag, 1981, s. 25-29. Elektronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006