1909 Kan eit bondefolk hævde maalet sitt naar heile riksstellet og overklassen i byane hev eigna til seg eit framandt maal?

Rasmus Steinsvik

Rasmus Steinsvik:
Kan eit bondefolk hævde maalet sitt naar heile riksstellet og overklassen i byane hev eigna til seg eit framandt maal?
 
Det norske folk hev havt ein underleg lagnad. Og maalet med folket. Det er for det meste lagnaden som hev raadt, og ikkje ein klaar folkevilje.
Literært set er det norske maal det eldste av alle nordiske maal. Det hadde tvo literære glansbolkar. Den fyrste millom aar 800 og 1000, den andre millom 1100 og 1300 e. Kr. I den fyrste bolken vartEddakvaditil. Og me hadde skaldar somTjodolv fraa Kvin, Øyvind SkaldespillerogEgil Skallagrimsson.– Det er ikkje skrive større og djupare ting i Norig en det me hev fraa denne bolken.
I den andre bolken kom alle ættesogune, lovverk, gudeleg lesnad, Kongespegilen og mykje anna, men det største var vel ”Heimskringla” av Snorre, eit verk som med rette hev vore kalla vaart største nationalverk, – eit verk som det ikkje finst maken til i Europa paa den tid. Og Norig hadde sitt rettsmaal og velskrivne lovbøker fleire hundrad aar fyrr Danmark og Sverige fekk sine.
Men so kom umskiftet.
Me seig inn i Kalmarunionen (1319), og dermed inn i ei lang nedgangs­tid. Iser gjekk det fort nedover daa me i 1380 kom saman med Danmark, og smaatt um senn heilt under det.
Landet vart ikkje lenger styrt av vaare eigne hovdingar. Det vart styrt fraa Danmark, av danske hovdingar og deira ærendsveinar. Smaatt um senn fekk dei danskar inn paa alle festningar, og inn i dei høgste embætte. Ein og annan nordmannen prøvde reise folket mot framandstyret, men det gjekk desse folk ille. ErkebispAslak Boltprøvde aa reise uppatt den norske kongekruna; han vert sviken av dei norske utsendingane som danskane kjøpte under seg. –Olav Nilssonvart nedhoggen i Munkeliv kloster saman med den vesle sonen sin. –Knut Alvsonvart narra umbord til dansken Krummedike og snikmyrda utanfor Akershus. –Herlog Huvudfattapte i slaget mot ein dansk hær, vart fanga og hengd, og dei norske bønderne vart jaga som dyr gjenom skogane. – ErkebispOlav Engelbrektssonvart med sin bondehær slegen og laut røme or landet. – BispKarlpaa Hamar vart med danske svikraader narra til aa opne portane paa slottet sitt, det vart banen hans.
Dermed seig modløysa inn over folket, og danskane kunde for alvor ta til med sitt underkuvingsverk. Det store maal var aa faa Norig til ein fast lut av Danmark, ein provins under den danske kruna og det danske spraakriket.
Dette arbeidet vart sett i verk med større umtanke og større framsyn en danskane hev synt i sin politik elles. Dei tok det paa same maaten som Russ­land no ser ut til aa vilja ta det i Finland. Dei tok til med embætsverket – fraa toppen av. Dei høgaste og beste embætti vart gjevne til danskar. Nordmennerne murra for dette i den fyrste tid, men dei brydde danskane seg ingen ting um. Daa so nordmennerne skyna at det ingen ting hjelpte aa klaga – tagde dei. Og dei som traadde etter høge embætte prøvde, som slike folk altid gjer, aa laga seg etter dei som hadde magti. Dei reiste til Danmark og lærde seg aa tala dansk, og dei gjekk danske ærend paa andre maatar med. Smaatt um senn vart det so at den nordmann som vilde ha seg eit embætte, han laut til Danmark og gaa i den danske skulen.
Embættsmennerne vart soleis danske baade i uppseding og i maal – anten dei var fødde i Danmark og vart flytte hit, eller dei var fødde her i landet og uppskula i Danmark. Desse danske eller fordanska embætts­mennerne førde so det danske maalet inn i det norske embættsverket. Dei baade skrev dansk og tala dansk. Det drog daa etter seg, at alle som stod under embættsmennerne laut lære same maalet, kontorfolk, fullmegtar, lens­menn, klokkarar – dei laut lære aa skrive dansk, og sume prøvde jamvel aa apa etter embættsmennerne i talen med.
 
Kyrkja og maalet.  
Det stod glans av den norke kyrkja, vigd som ho var i St. Olavs blod. At danskane fyrst og fremst prøvde aa leggje kyrkja under seg er derfor berre rimelegt. Iser galdt det aa faa erkebispstolen under danskt velde.
Men det gjekk traadt. Erkebispen i Nidaros kjende baade si magt og sitt ansvar. Ikkje berre Aslak Bolt. Men dei som kom etter hans tid med. Fram um alt heldt dei det norske maalet uppe. Den næst siste norskfødde erkebispen i Nidaros, biskopGaute,skreiv norsk so lenge han livde. St Olavs maal skulde raade i den norske kyrkja som var reist paa hans martyrdom, meinte Gaute. Men med denne mannen døydde det norske maalet i den norske kyrkja (1510).
Danekongen sette so dansken Erik Valkendorff paa erkebispestolen i Nidaros. Dermed var fyrste steget teke til aa lema den norske kyrkja inn i det danske spraakriket. Sidan gjekk det slag islag, til det norske maal var jaga ut or kyrkja, og det danske sett i staden.
Reformationen gjorde ingi vending i dette. Luther gav det tyske folk bibelen paa det tyske folkemaalet; vart soleis grunnleggjaren av det tyske bokmaalet. – I Danmark gjekk det likeeins. Danskane fekk bibelen paa folkemaalet, og sidan all gudstenest og ein rik salmeskatt. – I Sverige var det Gustav Vasa som baade førde inn Lutherdomen og gjorde det svenske folkemaalet til kyrkjemaal. – Men i vaart land vart reformationen brukt til aa grunnfeste det danske maalet. Bibelen kom paa dansk, salmebøkerne paa dansk, prestane tala dansk, heile gudstenesta var paa dansk fraa fyrst til sist. Det norske folk som er eit Gud-kjært folk saug smaatt um senn i seg den tru, at dette framande maalet (det danske) var det maalet som Gud sjølv tala, og som han helst vilde dei skulde tala og syngje til han paa.
 
Lovmaalet.  
Med rettsmakt gjekk det likeeins.
Dei gamle norske lovene var ikkje berre dei eldste i nordlandi, men det var gode greide lover, tilmaata aat landet, skrivne i eit klaart og greidt maal. Sjølvsagt vart desse loverne gjorde ugyl­dige, aa lata dei gjelde, vilde vera det same som aa tvinge norske embættsmenn til aa lære gamalnorsk, men det var nok det siste dei skulde lære. Nei. Vekk med dei gamle loverne! I staden fekk me nye, skrivne i Danmark av danske menn, dei skulde høve her som der. (Til rettesnor for dei danske lovmakarane vart vaare gamle lover sette um til dansk). – Dermed hadde det danske spraakriket ogso lagt det norske rettsstellet under seg.
 
Namn.
Det galdt aa gaa fram med varsemd, men attaat gjera det grundigt. So snart dei hadde heile embættsverket i si hand, og heilt paa si side, kunde dei gaa vidare. Det galdt no aa faa livet av alle gamle namn, eller iminsto aa faa dei i dansk form, so dei ikkje paa prent minte um den gamle tidi. Alle fylke og fylkesnamn vart burte, og amt med nye namn sett i staden. Alle gards­namn vart fordanska eller forvende.«Nautvik»vart til«Nødvig», «Vass­botn»til«Vandbund».Ja til med personnamn og familienamn laut dei vøle og vende paa. Ein gut skulde kje lenger faa lov aa heite Olav;«det skrives  Ole»,sa dei danske eller fordanska prestane. Det gamle «Sigurdson» vart til «Sivertsen», «Olavsson» til «Olsen».
Det er so ein maa skjemmast naar ein tenkjer paa kor det norske folk hev late dei fara aat med seg. – Og stort lenger er me kje komne enno. Ein ser, at bønder sit og klappar, naar bajadsar fraa byen kjem til dei og svivyrder maalet deira.
 
Skulane.  
Sitt beste reidskap til aa fordanske det norske folk skulde danskane likevel faa i skulane. Det var ikkje nok aa ha dansktalande embættsmenn. Det var ikkje nok at folket kvar sundag sat i kyrkja og song danske saknar. Nei, ein laut sjaa til aa faa perse dansken inn i sjølve folket. So fann dei paa aa ha tvungen folkeskule. Der gjekk all tid og all evne upp i dette eine: aa pugge dansk, Pontoppidan og dansk. Ramselesing utan maal og meining vart det; noko anna en aa ramse upp desse danske setningane lærde dei ikkje. Men det var nok for vaart danske embættsverk. Paa denne maaten fekk dei noko av den danske maalaand inn i det norske folk. Dei fekk den danske maalaand inn i den grein av aandslivet som høyrer det gudelege til, og det var den største og vigtugaste i den tid.
Men dei gav seg ikkje med det. Dei hev seinare gjenge vidare. Teke grein for grein, fag for fag, og lagt det inn under det danske spraakrike. Den dag i dag driv dei paa med dette. Set dei i gang ein jordbruksskule – paa dansk. Gjev staten pengar til ein hushaldsskule – paa dansk vert det heile. Ja paa sume av slike fagskular (hushaldsskular, industriskular o.a.) brukar dei mykje av tidi til aa rakke ned paa det norske maal.
So dei danske statsmennerne som hev planlagt arbeidet med aa gjera Norig til ein aandeleg og spraakleg provins under Danmark, dei hev gjort sine ting godt. Dei hev gjort det so godt, at endaa me i 1814 vart løyste fraa Dan­mark og knytte til Sverige, og me i 1905 reiv oss laus fraa Sverige med – so driv restane av det gamle danske embættsverket den dag i dag paa med det same –: aa tyne det norske.
Vil dette seige iherdige strævet som staten stydjer – enno! – med alle midlar, – vil det lukkast? Eller er der von for vaart norske?
 
Aa vera eller ikkje vera.  
Daa me var ferdige med vaar politiske frigjering i 1905, var det mange som tenkte:
Etter denne dag vil maalreisingsarbeidet gaa av seg sjølv. Ingen vil staa imot. Um ein og annan talar imot det og det praktiske kravet, soleis offisielt, hev det lite paa seg, i sitthjartaer dei paa den norske sida. Etter 1905 kan ingen nordmann ha imot, at Norig fær sitt eiget maal, so landet ogso i det stykke vert likestelt med Sverige og Danmark. Kvar einaste nord­mann maa ynskje, at me litt um senn frigjer oss fraa det trælemerket som vaar lange laake nedgangstid sette paa oss i maalvegen. Um dei ikkje strakst stend ferdige til aa gaa over i det norske, so ynskjer dei dette fram­gang, samstundes som dei ynskjer ei sterkare og sterkare fornorsking av sitt eiget, so baae maal kan smelte saman til eitt. Eit heilnorsk maal vil soleis, naar tidi er komi, dette i fanget paa det norske folk som ei mogi frukt av 1814 og 1905.
Det skulde gaa anleis.
Daa maalfolket i tillit til det som var vunne i 1905 kom med eit lite spakt krav i maalvegen, og riksmagterne godkjende dette kravet, avdi dei fann det rimelegt og rettferdigt, ja naudsynt – daa vart det reist ein storm av hat og harm over heile landet. Dei sa med reine ord dei som hev gjenge fyre i denne striden, at dei vilde slaa ned alt som maalstræv heitte. At dei ikkje vilde slutte med sin fanatiske agitasjon fyrr dei hadde gjort ende paa denne «kulturfare» som dei meiner den norske maalreising er.
Og dei hadde (og hev?) god von um at dette skulde lukkast. Dei tenkte som so: Me norsk-danske hev alle fyremuner paa vaar side. Me hev riks­magterne, embættsverket og heile administrasjonen. Me hev alle skulane. Me hev heile overklassen. Me hev pengemagti og intelligensen og alt som der av fylgjer. Paa den andre sida (den norske) stend det berre nokre bønder, og me veit fraa gamalt kor lite ein bondeflokk duger i strid. Bønderne kan ikkje halde saman, dei rømer so snart dei ser ein mann med kjole. Dessutan – ein aalmuge kan ikkje reise eit maal. Berre intelligenspartiet gjeng paa med litt kraft, so ramlar heile maalstrævet.
So hev dei tenkt. Og det kan stundom ha set so ut at dei hadde rett. Visst er det, at dei hev store fyremuner paa si side og at me paa den andre sida hev svære vanskar imot oss. Ikkje minst den, at overklassen og penge­magti er paa den andre sida.
Alle nationale maal er stokne ut or folkemaalet. Kvar skulde dei vel elles koma fraa? Det er sjølve folket som skapar maalet, grunnemne, former. Men det er dei store aander: diktarar, vitskapsmenner, forfattarar av alle slag som maa ta det upp til literær og vitskapleg dyrking. Folket formar det i sin daglegtale, og dyrkar det i eventyr, segner, sogur, stev og visur. Men vidare kan dei ikkje føre det, avdi dei sjølve ikkje rekk vidare. Det var i alle land overklassen som kom og førde det vidare. Prestar eller andre embættsfolk, vitskapsmenn, adelsmenn, godseigarar, – i det heile: folk med tid og raad til aa sysle med høgare ting.
Desse folk var i alle land nationale; um dei var uppskula i framande maal, so kunde dei attaat sitt nationale folkemaal, tok so dette upp til dyrking og gjorde det litt um senn til eit kulturmaal.
Her i landet hev det vore og er det anleis. Heile overklassen, i by og bygd, er i si kulturrot unational. Dei hev si rot, si uppseding og upplæring fraa dansketidi, og fraa dei som i 500 aar hev stræva med aa gjera Norig til dansk spraakprovins. Hertil kjem, at det politiske liv hev forma seg slik, at det framande maalet vart eit midel for embættsfamiliane og over­klassen til aa kunne halde seg uppe. So lenge det var og vert slik, at deira er det einaste offisielle, hev dei i det eit svært overtak paa bonden og dei breide lag i det heile. Det framande vart eit sosialt magtmidel av rang.
Naar me kjem ihug dette, kan me forstaa hatet til det norske, «bondemaalet», «vulgærmaalet», «pøbelmaalet» som dei kaller det. Og me skynar med det same kva vanskar der er aa vinne over for oss paa den norske sida. For av dette at overklassa er paa den danske sida fylgjer ogso den ting, at alt det som snobb er i sjølve folket det søkjer dit.
Men er vanskane store, so er fyreloga ikkje mindre. Og er det den magt i norsk ungdom som me trur det er, vil vanskane berre eggje til aa ta so mykje sterkare i. Det gjeld heile vaart aandelege tilvere. Me kan ikkje gaa upp i eit framandt maal, fyrr den norske roti er avgnaga, og den norske folke­aand dermed daud og burte.
                                   *          *          *         
Ein hev ikkje mange døme paa at eit bondefolk hev magta aa hævde seg mot ein overklasse med ein annan kultur og eit framandt maal. Men der er daa nokre.
Me hev fyrr nemnt stykket av professorTorpi «Syn og Segn» um «Etruskarane». Det var eit kulturfolk som sat med alle daning og all magt i landet. Men daa det latinske bondefolket tok til aa reise seg og krevja rom, laut kulturfolket vike, tilslutt raadde bønderne heile landet. Men so var det og det sterkaste bondefolket soga veit av, sterkt i sitt arbeid, strengt i sed og skikk, og med ein makelaus givnad til aa kunne gløyme sin eigen bate for samfundsbaten.
Der er mange bondefolk den dag idag kringum i Europa som held maalet sitt uppe soleis til kvardags, og til folkedikting. Kva dei kan drive det til med tidi, kan ingen vita. Men eitt folk er der som alt no hev drive det vidt, endaa dei berre er ein landslut av eit stort rike, med eit maal som er det mest utbreidde i verdi – den engelske.
Me tenkjer ikkje paa Irland. Der er dei komme langt. Der hev dei i store strok av landet, og av næringslivet, drive engelsken ut og sett irsken i staden. Me nemde for ei tid sidan sporvegslaget i Dublin, den mest engelske av alle irske byar; det vedtok at um 10 aar skulde ingen ha lov aa tala eller skrive engelsk av dei som hadde med sporvegen aa gjera. Men i Ir­land er det dei rike godseigarane, og overklassen som gjeng fyre, so det høver mindre med stoda i vaart land.
Nei, me tenkjer paa folket i Wales, sudvestluten av England. Wales er eit lite fjelland paa 346 rutemil, kring fjortandeparten av Norig, litt større enn Nordre Bergenhus amt. Det folket som budde der vart lagd inn under England paa lag 100 aar fyre Norig vart sameint med Danmark, og hev sidan vore ein fast lut av England, havt engelske embættsmenn og det engelske spraaket til alt offisielt bruk.
Men endaa hev vælskane halde paa maalet sitt i alle desse hundradaar!
For 50 aar sidan kunde ein norsk stipendiat som reiste der burte, fortelja naar han kom heimatt, at det vælske maalet var tett paa daudt, berre gamle kjeringar i avkrokane tala enno vælsk. Truleg høyrde denne man­nen med norske riksmaalsøyro, og dei plar vera helder falske naar det gjeld maalspursmaal.
Men um det var paa det siste med vælsken i 50-aari, er han i full kraft no. Det vart nyleg fortalt i bladi, at den britiske finansraaden som hev lagt fram dette budgettet dei slæst um, Lloyd George, han talar sitt vælske mors­maal i huset sitt, og bonni hans talar det.
Og i skulane i Wales lærer dei no vælsk jamsides med engelsken.Ogprestane preikar paa vælsk i kyrkja!– Dette i ein lut av det landet som hev heimsens sterkaste kulturmaal.
                        *          *          *
Naar ein ser og høyrer slikt, tykkjest vaart norske stræv verte helder smaatt og vesalt.
Her er det ikkje berre eit stykke av landet som talar norskt, og hev eit gamalt kulturmaal i arv. Det erheile landet,fraa Lindesnes til Nordkapp, fraa Staden til svenskegrensa. Her bid ikkje ei bygd i landet som hev dansk til morsmaal, elles der dei breide lag talar dansk. Iallebygder landet rundt talar bonde og arbeidsmann norske bygdemaal som fylgjer dei norske maalloverne i alle større og vigtuge ting. Ja, til med ibyanetalar dei breide lag eit norskt maalføre, meir eller mindre uppblanda med dansk.
Og dette folket som enno talar sitt norske maal, det er ikkje stengt ute fraa riksens stell. Det er ikkje ei pariakaste som overklassen kan hundse og fara med som dei vil. Nei, kvareinaste vaksen mann (og kvinna med) kan paa valdagen leggje sin namnesetel i urna, og hans setel veg likso mykje som den som kjem fraa ein riksraad, ein general, ein amtmann, ein grosserar.
Og me hev eit strengt gjenomført heimestyre, kvar bygd steller sine eigne ting sjølv, raar sitt eige herad, sin eigen skule, kan sjølv velja det maal dei vil.
Det vantar soleis ikkje magtmidlar. Det einaste det spørst um er: Hev dette bondefolketviljentil sjølvhævding? Hev det denindremagt og styrke? Hev det evne i seg til aa reise eit nytt aandsliv, og hev det rygg til aa bera dette aandslivet? –
Dette er slikt ein ikkje kan vita. Det er det som fær syne seg. Men det er dette det stend paa.
At vaart norske maal erriktnok til grunnlag for eit kulturmaal, det veit alle som hev umaka seg med aa setja seg inn i det. Det er ein god muti rikare en t.d. det danske. Der er mange norske ord som dansken vantar tilsvarande ord for, derimot er der faa danske ord som vantar tilsvarande ord i det norske. Dansken hev teke ibruk ei stor mengd med tyske og andre framande laaneord. Jamvel størsteparten av desse ordi kan ein finne til­svarande ord for i det norske. Elles hev det norske maalet same rett som alle andre maal til aa laane dei fagord det vantar, eller dei nye fagord som gror upp kvar einaste dag. I sin formbygnad er nynorsken eit av dei aller enk­laste, i sin setningsbygnad klaart og greidt, ordi korte og fyndige, dei norske ordrøterne lette aa laga nye ordbilæte av. Dertil er maalet rikt paa rytme, og fell lett i song, rikt som det er paa endevokalar (det hev i store luter av landet kasta mest alle endekonsonantar).
Maalet er soleis godt nok. Kva det stend paa, er som sagt, um folket sjølv hev aandsinnhald aa fylle det med.
 
Vaare store menn.  
Naar motparten rett for alvor vil gjera det av med tanken um eit norskt maal, peikar dei paa vaare store menn –: Sjaa Christie, Wergeland, Johan Sverdrup, Bjørnson, Ibsen, Jonas Lie, Sophus Bugge, Sars, Nansen, Chr. Michelsen – kvar var Norig utan desse? Og desse hev som størsteparten av vaare store gjeve oss sin aandsrikdom paa dansk.
Det er sant som det er sagt – Norig vilde straale mindre, um desse namni var burte. Det er daa helder ingen som ynskjer dei burte. Tvertimot. Og ingen hev gledt seg meir over desse mennerne enn me maalfolk. Me takkar og høgvyrder dei for alt stort dei hev gjort.
Men det er eit syrgjelegt mistak aa tru, at vaare store menn vert burte um me reiser vaart eiget maal. Dei store me hev havt vil staa der i soga med same glansen for det. Og dei store me fær heretter vil kunne gjera sine storverk um det norske maalet fær den rett det skal ha.
Me fekk ikkje færre stormenn enn fyrr sidan me politisk vart skilde fraa Danmark. Tvertimot. Etter 1814 gror det fram ei heil rad store menn, det vert ei aandeleg blømingstid som aldri fyrr. Ja, so rikt blømde det, at dei som sette unionen med Sverige jamhøgt med fedrelandet dei sa: sjaa paa denne aandelege vokster, skal me løyse ein union som hev gjeve landet ei so rik blømingstid?
No etter 1905 lær folk aat slik tale. Deivek,at det ikkje var unionen med Sverige aa takke. Det varfolkekraftisom etter ei lang dvaletid fekk si politiske frigjering og utløysing i 1814, og deretter si blømingstid. Det blømdetrassi den nye unionen med Sverige.
Me sa «folkekraft»; det er kanskje ikkje rette ordet. Dei fleste av vaare store menn etter 1814 er stokne or embættsmannsrot eller fraa det vesle me hadde av «overklasse». For i grunnen var detdenneluten av folket som fekk si heile frigjering i 1814 og 1905, og kunne bløme som han gjorde.
Sjølvefolketderimot ventar enno paa frigjering. Ikkje den politiske, den fekk dei saman med dei andre. Men den aandelege eller kulturelle. Kanskje er det av den grunn at mennerne fraa folkedjupet til denne tid hev gjort mindre av seg.
Og likevel – det vart eit tomt rom um ein tok desse burt. Ueland, Jaabæk, Haugland, Liestøl, Løvland, Ivar Aasen, Vinje, Blix, Garborg, Sivle, Tvedt, Hovden, Skeibrok o.m.fl. – tenk deg desse burte, og den norske soga vert ei onnor.
Me hev soleis ingen aa misse! Me treng dei fraa den eine sida likso vel som dei fraa den andre. Folket er lite. Her er ikkje fleire evner og krefter enn me treng det som er. Og det trengst, atallefær gode vokstervilkaar. Men skal evnerne i dei breide lag faa likso gode vokstervilkaar som dei andre alt hev, so treng me den aandelege frigjering det ligg i maalreisingi.
Denne vil ikkje ta burt eit einaste av dei store namn me hev. Ho vil berreaukeden grunnen der store menn kan gro fram – til gagn og ære for landet.
Av den grunn er det me krev:
 
Likestilling.
Ikkje likestilling paa den maaten at me seier: alle lover, alle departements­skriv, alt det som staten og administrasjonen sender fraa seg, det skal koma paa norsk likso vel som paa dansk. Det krev dei i Sveits og Belgia og Ungarn, og andre stader der det vert tala fleire maal; men maalfolket her i Norig krev det inkje. Helder ikkje krev me, at alle skular som staten gjev pengar til skal ha heilnorsk undervisning likso vel som dansk.
Nei. Til denne tid hev me kravt lite. Me hev kravt berreretten til aavera, til.Me hev kravt, at ei skjøyte paa norsk skulde ha same rettskraft som ei skjøyte paa dansk, at eit telegram paa norsk skulde ha same rett til aa gaa gjenom den norske telegrafen som eit paa dansk, tysk, fransk, italiensk og alle andre europæiske maal. Med andre ord: at det skulde vera lovlegt aa bruke norsk for den som vilde.
Og tilslutt gjekk me so vidt i vaare krav at me sa: Skulestyret (det er: fleirtalet i bygdi) skal ha lov til aa gjera det norske maal til hovudmaal i sin eigen folkeskule, um det so ynskjer.
 Dette kravet gjekk riksmagterne med paa, og godkjende det i lovs form (skulelovi av 1891).
Herav fylgde, at alle lærarar laut faa rettleiding i aa bruke norsken baade munnleg og skriftleg (lærarskulelovi av 1902).
Og daa det so synte seg at folket tok til aa nytte denne retten, so snart der vart lærarar aa faa som kunde norsk, og med kvart dei gamle fall fraa – daa melde det siste kravet seg som av seg sjølv –: me laut faaembættsmennsom kunde norsk.
Men daa embættsmennerne flytter fraa stad til stad, var det ikkje nok aa faa nokre upplærde i norsk,allemaatte til aa lære norsk. Ein laut krevje skriftleg prøve til studenteksamen.
 
«Maaltvang».  
Det er denne skriftlege prøva dei hev kalla «maaltvang». Det er «tvang» aa tvinge folk til aa lære eit maal som dei ikkje bryr seg um aa lære, seier dei.
Men dette er aa misbruke ordet. Det er ikkje maaltvang at ein tvingar den som vil ta studenteksamen til aa lære tysk, eller fransk, eller engelsk. Ingen kallar det «maaltvang». Ikkje eingong naar dei maa lære latin eller gamal­norsk. Men er det ikkje «tvang» at gymnasiastane maa lære tysk, engelsk, fransk, latin eller gamalnorsk, kan det helder ikkje vera «tvang» at dei maa lære nynorsk. Det eine som det andre er eit skulefag. Det er riksmagterne som avgjer kva fag ein skal krevje til studenteksamen, dei spør aldri etter kva elevane «bryr seg um»; men kva som er tenlegt for landet og det folket, der dei skal søkje embætte.
Derimot er det «maaltvang» naar tyskane i Søre-Jylland forbyd dei dansk-talande aa lære eller bruke sit eiget morsmaal. Eller naar dei i Polen gjer det same med polakkane. Det er «maaltvang» aa forbjo eit folk aa bruke sitt eiget maal.
Det er noko av denne «maaltvangen» me hev havt her i landet i 500 aar. Ikkje so at dei hev forbode det norske med lovparagrafar. Men dei hev paa alle tenkjelege maatar, privat og offentlegt, halde det danske uppe og lagt vanskar i vegen for det norske.
Det er denne maaltvangen dei hev fyreskrive i livet um dei ikkje hev gjort det i loverne – det er denne me no held paa og kastar av oss, smaatt um senn. Og fyrst naar det hev lukkast, kan me vente ei blømingstid forfolketav same slag som den blømingstid embættsstandet og overklassen hev havt sidan 1814.
 
Ei nationalsak.  
Me var ein gong eit fritt folk, og for den tid eit kulturfolk av rang – tidi millom 700 og 1350.
I denne tid vart riket samla og kristna, og hegna med gode lover. Me hadde store kongar, umkransa av gjæve stormenn, skaldar og kunst­narar av alle slag. Me hev kunstverk og storverk fraa den tid som seinare tider ikkje hev magta aa gi oss maken til (Nidarosdomen og andre bygg­verk).
Det som heldt oss uppe under daneveldet var minnet um denne tid. Og det som gav fyregangsmennerne i 1814 og seinare magt og dug til aa gjera det dei gjorde, var just den draumen at me atter skulde verte det me eingong var.
Og so skulde ein no ta til aa tvile paa evnen i folket til aa kunne liva eit sjølvstendigt nationalt liv? Er det mindre kraft i folket no me er komne langt paa den tredje millionen enn det var den tid daa det knapt livde ein million i landet? Er det forresten storleiken det kjem an paa? Hellenane var ikkje mange; dei livde likevel sitt sterke nationale liv. Heile Island er berre som eit av vaare amt; det hev endaa livt sitt nationale liv i tusen aar, endaa det hev havt same daneveldet over seg som me hadde.
President Christie, Wergeland, Johan Sverdrup, Steen, Michelsen, Løvland, ja dei aller fleste av vaare store menn, hev meint, at me var mange nok til aa magte vaartpolitiskesjølvstende.
Men det er lettare aa liva sitt indre nationale liv enn aa halde uppe sitt politiske sjølvstende. Til det siste skal det fysisk magt; til det fyrste karakterstyrke. Denne karakterstyrken hadde det norske bondefolket under heile dansketidi. Danskane brukte 400 aar til aa knekkje det norske maalet, men greidde det ikkje. – Hev bonden, og folket i det heile, vorte veikare no?
Ein kan liva eit nationalt liv, um einpolitisker nedkuva. Sjaa fin­lendingane, sjaa polakkane, sjaa danskane i Søre-Jylland, sjaa irane. Men kva skal ein med politisk sjølvstende dersom ein vantar aandsmagt og karakterstyrke til aa liva eit nationalt liv? Det er daa just dette som erfyremaaletfor det politiske sjølvstende. Det er dette nationale liv som gjev rett til aa leggje paa folk dei tunge offer som det politiske sjølvstendet krev. Og det er einast dette nationale liv med ein heimevaksen kultur som paa lengdi vil kunne magte aa halde offerhugen og offerviljen uppe.
Sig bonden og arbeidarklassen ned til eit proletariat som ikkje hev anna aa liva paa enn laante fakter og laant maal fraa overklassen, kvar skal daa den livskrafti koma fraa somvilofre det som trengst til aa kunne møte alle farar?
Aa tyne det nationale folkemaalet, det som hev sine røter i den eldste soga, det er aa tyne livsnerven i folket. Det er aa kaste landsens framtid i armane paa dei som roper: «Fedrelandet er der eg fær mat.»
I staden burde ein her som i alle andre land med alle midlar stydje det nationale, og daa fyrst og fremtdet nationale folkemaalet.
 
Ei folkesak.  
Men det er ikkje berre den største nationale sak, grunnvilkaaret for national vokster. Det er attaat ei folkesak. Ei av dei aller største.
Den som stullar med buskapen eller gjeng bak plogen hev ingi naud av det framande maalet; han talar sitt norske bygdemaal han. Vanskane melder seg fyrst, naar han skal til prest eller skrivar, elles naar han kjem upp i det offentlege liv.
Men verst gjeng det, um han maa ut, um han skal gaa skulevegen, og med den prøve aa naa seg ei stilling i samfundet. Daa vert det framande maalet til stort mein.
Er han hugsterk, so lærer han det framande, men held likevel paa sitt eiget, og brukar sit eiget i skrift og tale. So langt er me komne no at han kan det; og daa kan denne striden verte til styrkn.
Men diverre – so altfor mange prøver aa gaa upp i det framande; prøver aa smjuge og ljuge seg burt fraa sitt eiget og seg sjølve. Desse veiknar burt, vert vesalmenne og undermaalsfolk. Heile sitt liv maa dei gaa og trakke paa sitt; og i det framande kan dei ikkje mæle seg med dei som er fødde og alne i det.
Les «Bondestudentar» av Garborg; her fær ein som ein skimt av den lange hær fraa bondebygdi, som anten gjekk i hundane paa vegen, eller som langt um lenge rokk fram til eit embætte, men paa kostnad av si eigi sjæl.
Det hev vorte betre; mykje betre.Maalstrevet hev ikkje vore til faa­nyttes.Fleire og fleire vert det som vaagar aa vera seg sjølv heilt fram. Men enno er vanskane store. Enno er alle fyremuner paa deira side som hev det danske maalet til morsmaal –: embættsmannssønerne og grosserarsønene. Enno finst der nemleg ikkje ein einaste heilnorsk midskule eller gymnas. Fylgjen er, at bondeguten og arbeidsmannssonen vert gamle fyrr dei naar fram til embættseksamen. Og naar dei so er framkomne, hev dei ingen far til aa gaa i departementet aa tala for seg. Dei lyt lite seg med dei ringaste postane i utkantane; der vert dei ofte sitjande, til dei er for gamle til aa kunne faa det som betre er.
Sjølve kan dei helder ikkje halde seg fram. Bondemaalet hev sett mindremanns-stempelen paa dei. Dei tek til takke med det dei kan faa, og driv det sjeldan til noko, sjølv um evnerne er der.
Er dette rett? Og er det til bate for folket og landet?
Bonde, arbeidsmann, norsk ungdom – sjaa paa dei som gjeng med oss i denne sak, og sjaa paa dei som stend imot, – kvar finn du dine?
Ivar Aasen, Aasmund Vinje, Olaus Fjørtoft, John Klæbo, Elias Blix, Arne Garborg, Ivar Mortensson, Per Sivle, Anders Hovden, Jens Tvedt, Vetle Vislie, Rasmus Løland, Ivar Kleiven, Skardane, Sven Moren, og mange fleire, er det ikkje bondegutar alle saman? Gutar som hev kome ut og kjent det som ei livsmagt dette aa faa att vaart eiget maal?
Eller sjaa paa tingmennerne. Alle store namn i vinstre hev stae paa den sida etter 1870; og alle bønder med noko namn i høgre. Og sjaa deg um elles. Me skal berre nemne nokre faae namn. Av tingmenn: Liestøl, Øverland, Nils Juel, Haugland, Velde, Havig, Hektoen, Mortensen, Aarflot, Skaar, Saakvitne, Erik Enge, Løvland, A. Berge, Oddmund Vik, Trædal, Aarnes, Sindre, Bryggesaa, T. Foss, Tveiten, Grivi, Myrvang, Aaen, Eftestøl, Hagerup, Saltvik, Hoff o.m.fl. Prestar: bispane Skaar, Bang, prestane Støylen, Hognestad, Barstad, Haugsøen, professorane Blix, Gjelsvik, Skeie. – Alle bondefødde. – Visste dei ikkje kva dei var med paa? Vilde dei ikkje, og skyna dei ikkje folkebaten?
Kor mange bondefødde er det paa den andre sida? Millom dei som stend imot? Og av slike som sjølve hev skrive noko so dei hev rett til aa ha ei meining? – Ein vil i vaar tid knapt finne ein einaste ein. Det er riksmaalssekretæren og Ragna Nielsen og Johan Bojer og kand. Lødrup og Niels Vogt og slike som no stend imot.
Mistyd oss ikkje – me meiner ikkje at dette berre er ei bondesak og arbeidarsak. Det er attaat ei national sak. Og me hev mange gode menn med oss fraa alle samfundslag. Me vil berre ha lagt vegt paa dette: det erogsoei folkesak, ei bondesak og arbeidarsak. Kan folket, bonde og arbeidsmann, lyfte maalet sitt upp til same rett og rang ogromsom det danske no hev, so vil overklassen ha mist eit av sine beste vaapen.
 
Kor langt er me komne?  
Naar ein ser paa maalvokstren desse siste 10–15 aar, kan ein trygt spaa:Det norske folk baade vil og kan hævde maalet sitt.Fyregangsmennerne, dei faae storaanderne, Aasen, Vinje, Garborg, laut gaa fyre. Kaari var lenge laake; men dei tok kaari som dei var, og la grunnmuren. Sidan hev den eine kome etter den andre. Alt no vert det skrive so mykje paa norsk, atingen magtar aalesa alt saman.Det er ingen skort paa forfattarar.
So kom folket.
Innlandsbygderne,TelemorkogSætesdal,gjekk fyre. Der hev den gamle kulturskatten aldri vore avskoren. All slags folkedikting og folke­kunst hev livt sitt rike liv under heile dansketidi. Men dansken breidde seg gjenom skulen der som andre stader. Fyrst daa den nye skulelovi kom, kunde dei atter setja norsken i høgsetet. Og der sit han no, over heile Sætesdalen og det meste av Telemork.
Paa Vestlandet gjekk det mange stader likso snøgt. Hardanger, Voss, det meste av Hordaland, Sogn, Sunnfjord, Nordfjord, Sunnmør, Inntrøndelagen, størsteparten av Ryfylke, mykje av Agder, bygder i Hallingdal, Valdres, Gudbrandsdalen, Østerdalen, Nordmør, Nordland og Trums hev gjort norsken til hovudmaalet i folkeskulen.
Men mange stader raar danemaalet som det hev gjort. Orsaki til dette er, at maalspursmaalet i store strok av landet fyrst i den aller siste tid hev kome under dryfting. Og ein veit av røynsle fraa andre stader, at det plar ta ei 10–15 aar fraa den tid spursmaalet kjem under aalvorleg dryfting, og til den tid noko kan gjerast. Vanen i folket er stor. Det er ikkje lett aa faa deigamletil aa skyna denne sak. Det erungdomensom maa vakne, leggje elsk til saki og føre henne med seg ut i livet.
Der maa soleis eit langt og seigt Arbeid til.
Kom ihug kva krefter det er imot oss. Krefter som arbeider ustanseleg. Me kan ikkje overlata saki til sin«historiske gang»,som likesæla ynskjer. Det vart undergang det.
Der er for det fyrste det store gangverket som heiter«staten».Det er som ei overhendig papirmylne som sender fraa seg brev og dokument ustanseleg, alt skrive paa dansk. Hele embættsverket brukar dette same maalet, skriftleg og muntleg; i kyrkja, i rettssalen, i alle departement og kon tor, i stortinget, i skulane, skular avalleslag, høge og laage, fagskular og andre – alle driv dei med dette same: aa rive det norske maalet upp med rot, og plante det danske i staden.
So hev me allebladi;dei kjem annankvar dag, kvar dag, ja kveld og morgon, og fyller lesarane med emne av alle slag paa dette same maalet.
Endeleg hev me agitationen fraa riksmaalsfolket. Dei hev talarar som reiser rundt ustanseleg, fraa bygd til bygd, og prøver aa faa folk til aa kaste sitt eiget maal og samle seg tettare um det danske.
Og ein hev alle desse foreldri som i sitt faavit driv og plukkar ut or bonni sine alt det norske desse lærer naar dei er saman med andre bonn. Det norske vilinn i dei unge; det ligg i lufti; det er det maalet som er skapt i landet, som landet med all si naturskifting hev skapt. So det er sterkt og gronæmt som fjellgras. Men det er greidt – mot denne ustanselege ribbing kan det ikkje staa seg, med mindre det fær Studnad fraa alt det som er nationalt og friskt og egte i folket.
Her er det ungdomen no lyt koma med sin sterke rygg og møte desse som vil knekkje maalet vaart.
Ikkje møte dei meddeiravaapen.Me vil ikkjedeiramaal til livs. Dei skal faa ha sitt i fred. Men me vil ha rett for vaart. Og me vil gi det slike kaar at det kan staa seg, ja vekse og trivast.
Dette er ei uppgaave for den norske ungdomen. Den største som no ligg fyre. Den største som i det heile eit livsfriskt og evnerikt folk kan faa, naar vanlagnaden fyrst hev sett det i den stoda der me stend.
Det arbeidet me legg i denne sak er ikkje spillt. Alt arbeid gjev styrke. Men ikkje noko arbeid gjer eit folk sterkare enn arbeidet med og for sjølvhævding.
 
Paa rett veg.  
Vaar store sak er paa rett veg. Riksmagterne hev litt um senn gjeve oss den rett, og den likestilling me hev bede um. Der er nok sterke krefter som prøver aa ta denne retten fraa oss; men reiser me oss samstelt imot vil dei knapt vaage det.
Alt vil daa gaa sin jamne naturlege gang, so som det alt hev gjenge mange stader. Ungdomen samlar seg i ungdomslag. Der lærer dei aa skrive sitt norske maal i handskrivne blad, og brukar det i ordskifte, i song, i tale.Det er sitt eiget bygdemaaldei soleis skal lære aa bruke paa møte og i for­samling. Landsmaalet er den naturlege og lettaste skriftform for dette.
Desse unge som hev lært seg upp til aa bruke sitt eiget bygdemaal um høgare emne, dei tek sidan maalet med seg ut i livet: i heradstyre, skule­styre og alle andre slag styre. Og dei vil gjera dette norske maalet til hovud­maal i folkeskulen, og paa den maaten vert norsken litt um senn grunnlaget for all daning.
So hev det gjenge paa Vestlandet; so hev det gjenge i Sætesdalen, Telemork, Inntrøndelagen og fleire andre stader. Bygd kjem attaat bygd, til heile landet er kome over paa den norske sida. Og so smaatt og jamt og varlegt vil dette gaa, at ingen vil merke noko mein av det.
Naar so bygderne hev kome over paa den norske sida, vil ungdomen smaatt i senn ta maalet med seg til byane, og ein kan med tidi gjera seg von um aa faa dei med over paa den norske sida. Men det er langt fram dit. Det er bygderne som fyrst og fremst maa reise seg og samle seg umsittmaal, som alle stader er norskt i alle sine hovuddrag.
At bygdemaali ofte høyrest ulike ut, skal ein ikkje sjaa paa. Naar ordi kjem paa prent, og alle fylgjer ein greid stavemaate, vert dei likare enn nokon trur. Sven Moren skriv austlandsmaal, Arne Garborg skriv vestlandsmaal; dei skriv likevel so likt at alle maa seia: det er same maalet.
Lat oss daa alle – sørlending og nordlending, vestlending og aust­lending, døl og trønder – lat oss rekkje kvarandre henderne til arbeid for Haralds og Ivar Aasens store samlingstanke. Det er eit heilnorsk, og sterkt Norig me vil.
            *          *          *         
Det praktiske arbeidet som no ligg fyre er aa samle seg um blad og bøker paa norsk, av desse lære aa skrive det, og so sjølv bruke det.
 
 

Bilag til Norig nr.10/1909. Krisriania, 16 sider. Elktronisk utgåve ved Nynorsk kultursentrum 2006.