Sommerro sin hyllest til Hyldbakk og freden

Bilete av Henning Sommerro
Henning Sommerro og eit handplukka ensemble tek deg med på ei musikalsk reise i diktaren Hyldbakk sitt liv. Foto: Teatret Vårt

I høve 75-årsjubileet for diktet Vårsøg inviterer Ivar Aasen-tunet og Teatret Vårt til feiring av ein kjær diktar i Ørsta kulturhus torsdag 29. oktober kl 19.00.

Hans Hyldbakk skreiv Vårsøg i 1945. Diktet uttrykker gleda over våren, og over frigjeringa som var på veg. Henning Sommerro og eit handplukka ensemble med John Pål Inderberg, Sara Fellman og Julie Støp Husby tek deg med på ei musikalsk reise i Hyldbakk sitt liv.

Teaterkonserten er ein del av programrekka «Etterspel» som går i Ørsta og Volda i haust.