Jubileumskonsert i uteamfiet

OPPDATERT: Virusutbrotet gjer at Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet, Ørsta og Volda vert avlyst. No planlegg Nynorsk kultursentrum i staden eit digitalt tilbod utover våren og sommaren, og nye opplevingar til hausten.

 

Sunnmøre Baarelag feirar 40 år med opningskonsert under Dei nynorske festspela 11. juni. For høvet stiller dei med ekstra koristar og musikarar, og lovar ein storarta konsert.

Den 6. januar blei det gjort kjent at publikum hadde røysta fram fire songar frå Ørsta til topp fem i Sunnmørspostens kåring av tiårets låt frå Nordvestlandet. Dei fire artistane eller gruppene er alle kjende for kreativ bruk av ørstadialekta, og er såleis ein del av ei musikalsk og kulturell arv som skriv seg tilbake til nettopp Sunnmøre Baarelag.

Dei var pionerar på Sunnmøre og Vestlandet elles når det gjeld tekstar på dialekt i populærmusikk.

– Sunnmøre Baarelag representerer både lokal og nasjonal kulturhistorie, og er framleis ei aktiv og habil gruppe som fortener stor merksemd i jubileet sitt, seier programansvarleg for Dei nynorske festspela, Olav Øyehaug Opsvik.
Sidan 1980 har gruppa hatt jamn aktivitet, og har i dag fem faste medlemer i Kyrre Grimstad og Kjell Rune Klubbenes, som har vore med frå start, og Arne Moe, Frode Sunnes og Totto Nilsen. I tillegg vil dei i høve jubileumskonserten utvide bandet med songarane Maria Hovdenakk, Ingeborg Lejon og Christoffer Jensen, pianist Svein Erik Åmås og steelgitarist Lars Egil Vågsæther.

Dei nynorske festspela går føre seg frå 11. til 14. juni 2020. Festspeldiktarar er Odd Nordstoga og Stein Versto. Sunnmøre Baarelag held opningskonserten i Utamfiet i Ivar Aasen-tunet torsdag 11. juni.

– Dette blir ei strålande opning av Festspela og vi vonar mange vil bli med oss og feire Baarelaget, seier dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Tone Slenes.